Hald Gud ute av Stortinget

«Høybråten må
meir enn gjerne vera medlem i ein organisasjon som diskriminerar
på grunnlag av seksuell legning, men då må
han ha ryggrad nok til å stå for det.»
Nokre gonger verkar KrF like umoderne som kongehuset. Nedarva
statsmakt, og politikk bygd på eit religiøst
grunnlag, er begge deler ganske usiviliserte konsept, som
eit vakse demokrati burde vurdera å kvitta seg med.
Problemet med kongehuset er sjølvsagt at det ikkje
finst eit betre alternativ. Hadde me gått over til å
ha president hadde me berre fått endå ein bablande
politikar. Det treng me ikkje.
Teologisk-politisk tåke av den sorten me finn i KrF,
derimot, er noko me bør spørja oss om me ikkje
kan unnvera. Både Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten
har den siste tida kome med utspel som viser kor vanskeleg
det er å føra politikk basert på to tusen
år gamle normer. Saka vedrørande Misjonsforbundet
og homofili er berre eitt eksempel. Høybråten
presterte å seie til Dagbladet den 6. februar at han,
som politikar, kan uttala seg om teologiske spørsmål
så lenge det ikkje er strid om dei. La oss ta det ein
gong til: Han kan ikkje uttala seg om slike saker, dersom
det er strid om dei. For meg høyrest dette ut som ein
underleg form for ansvarsfråskriving frå leiaren
av eit regjeringsparti. Kva meinar leiinga i KrF om sharia-lovar,
om folk som Enevald Flåten, om tvangsekteskap? Er desse
sakene i mindre grad teologiske enn spørsmålet
om homofilt sambuarskap? Religion er eit enormt vidtfamnande
emne, og dei fleste trusretningar har meiningar, ofte delte,
om det meste som skjer i samfunnet. Eg har vanskeleg for å
sjå korleis ein politikar kan utelukke alt dette frå
sitt meiningssortiment. Høybråten må meir
enn gjerne vera medlem i ein organisasjon som diskriminerer
på grunnlag av seksuell legning, men då må
han ha ryggrad nok til å stå for det.
Andre politikarar går for langt i den motsette retninga.
Karita Bekkemellem Orheim (Ap) har snakka om sanksjonar mot
og kutting av statsstøtte til Misjonsforbundet. Human-Etisk
Forbund tilset ikkje-kristne. Skal me frysa humanetikarane
óg ut av samfunnet? Neppe. Forslaget ville uansett
ha vore ulovleg, ettersom alle trussamfunn har rett til like
mykje pengar frå Staten som medlemmene deira betalar
i skatt til statskyrkja. Noko anna kunne ha stride mot religionsfriheiten.
Skal eit trussamfunn mista pengane frå Staten, må
ein byrja å vedta lover om kva som er «lov»
å tru på og ikkje, slik at ein kan luka ut trussamfunn
ein ikkje likar og seie: «De er ikkje ein ekte religion».
Her ser me nok ein gong kor vanskeleg det er å blanda
Gud og politikk.
Førre veke var eg på eit foredrag med ein annan
norsk politikar, som snakka om kvifor politikk var viktig.
Hans poeng var at det ganske enkelt handla om å leggja
til rette for at folk skal kunna leva eit godt liv, på
den måten dei sjølve ynskjer. Alle religionar
meinar, når det kjem til stykket, at akkurat dei veit
alt om Det Gode Liv. Av akkurat den grunnen ynskjer eg å
halda dei langt vekke frå mitt gode liv, og langt, langt
vekke frå politikken. Stortinget er ein plass for Mennesket,
ikkje for Den Allmektige.
INGEBJØRN BLEIE / ingebjorn@studvest.no
Illustrasjon: MONICA TRONSTAD
25.02.04
|