Kortare kontraktar og høgare leige
I dag avgjer styret i SiB om dei skal gå
over til eittårskontraktar på bustadane sine.
Det gjer dei mellom anna for å sleppe å vere bunden
til den normale prisveksten.
Beboere vurderer å flytte ut om SIB vedtar økte
husleier og kortere kontrakter.
LINDA SKJÆRVIK og BÅRD OPSANGER
linda@studvest.no / bard@studvest.no
|
 |
– FOR DYRT. Lars
Anders Heimdal (t.v.) og Kjetil Fagereng vurderer å
flytte ut av Løbergsveien studenthjem om leia
stiger.
|
– Ein overgang til eittårige kontraktar
vil gjere studentane meir usikre, sidan dei ikkje veit kva
husleiga blir frå år til år, meiner hovudtillitsvalt
i Løbergsveien Studenthjem, Lars Anders Heimdal. Han
meiner Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) ikkje må gløyme
at dei er til for studentane.
– Sjølv om dei har lova på si side, er
det viktig at dei anvend særstillinga si til fordel
for studentane, ikkje omvendt, seier Heimdal.
Husleigelova krev eigentlig treårige kontraktar, men
studentsamskipnadar har unntak fordi mange av deira leigetakarar
har behov for kortare buforhold.
VIL SJEKKE STUDENTANE
Kortare kontraktar opnar for at SiB kan auke leiga kvart
år, uavhengig av konsumprisindeksen.
– Dette gjer det enklare å sjekke om bebuarane
faktisk er studentar. Lovgjevnaden tillét den nye praksisen,
seier administrerande direktør i SiB, Egil Pedersen.
Han trur SiBstyret kjem til å vedta forslaget.
Torstein Fjeldet Lunde som er velferdstingsrepresentant for
Moderat Gruppe har ingenting mot eittårskontraktar.
– Det vil føre til høgare gjennomstrømming
i SiB sine bustadar, slik at nye studentar lettare kan få
seg ein hybel, seier Lunde.
NØDVENDIG AUKE
SiB sitt forslag inneheld òg ei auke av husleiga
på rundt ti prosent. Denne auka er nødvendig
for å gje SiB-bustadane ein tidsriktig standard, noko
midlane vil vera øyremerka for, i følgje forslaget.
– Ordet husleigeauke riv og skjer i sjela mi, seier
Jette Christensen, som sitter i SiB-styret. Ho meiner det
er viktig at SiB vurderer alle andre alternativ enn husleigeauke
.
– Lånefinansiering er eit godt alternativ, meiner
velferdstingsrepresentant for Sosialdemokratane Jørgen
Kinden Kristiansen. Han meiner SiB fører studentane
bak lyset ved ikkje å greie ut saka betre.
– Ein auke i husleiga er ikkje til å unngå,
men ved å ta opp eit lån vil auken bli mykje mindre.
Lånefinansiering vil gje same rehabiliteringa til ein
lågare pris, seier han.
DEI PRIVATE VIL TA ETTER
Heimdal frå Løbergsveien fryktar at dersom SiB
skrur opp leiga, vil det automatisk påverka den private
marknaden.
– Private leigetakarar vil då sjå sitt
snitt til å auke leiga i same takt. Dersom fleire vel
å flytta frå SiB fordi dei blir for dyre, vil
presset på privatmarknaden auke, og prisane bli enda
høgare.
Advokat Knut Helland Hansen i Leieboarforeininga er samd
med Heimdal.
– Dette vil heilt sikkert føre med seg ringverknader
på den private marknaden. Dette såg me då
Oslo kommune auka leiga; den private marknaden følgde
raskt etter.
SiB-direktør Pedersen hevdar ei eventuell auke ikkje
bør ha nokon effekt på private utleigarar, då
dette er midlar som berre skal brukast til oppussing.
– Dårligere tilbud enn private
Beboere vurderer å flytte ut om SIB vedtar
økte husleier og kortere kontrakter.
Tekst: LINDA SKJÆRVIK linda@studvest.no
– Det er ikke lenger gunstig å bo hos SiB, sier
Kjetil Fagereng. Han er beboer på Løbergsveien
studenthjem, ovenfor Danmarksplass.
Hvis husleieøkningen på ti prosent blir vedtatt,
vil Fagerengs hybel på 15 kvadratmeter, fem kilometer
fra sentrum, koste i underkant av 3.000 kroner.
– Det er altfor dyrt. Det er ikke holdbart at en så
liten hybel, så langt unna sentrum skal koste så
mye, sier Fagereng.
Stiger leien vurderer han å flytte fra studenthjemmet.
Hovedtillittsvalgt Lars Anders Heimdal, ved Løbergsveien
studenthjem, frykter for SiBs omdømme om styret vedtar
husleieøkning og ettårskontrakter på dagens
møte.
– SiB kommer til å få et dårligere
tilbud enn det private boligmarkedet. Jeg reagerer på
at de foretar en økning i leien, før de har
utredet et forslag om egen effektivitet. De bør kunne
legge frem mer enn ett alternativ, mener Heimdal.
|