Leigde strippar til NHH-fest
Jentene fekk sjampis på rommet, medan
gutane fekk striptease som pauseunderhaldning.
Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK / oyvind@studvest.no
Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM / per@studvest.no
Hendinga gjekk føre seg under Økonomiske
vinterleker (ØVL), eit årleg arrangement for
studentar ved Norges handelshøyskole (NHH) og BI, i
slutten av januar.
|
 |
MISNØGD. Rektor
ved NHH, Per Ivar Gjærum, liker dårleg at
studentane
arrangerer stripping til fjells.
|
– Nei, dette syns eg svært lite om, seier handelshøgskulerektor
Per Ivar Gjærum. Han meiner at strippeinnslaget på
arrangementet ikkje er representativt for haldningane på
skulen, men derimot unntaket.
Finansfirmaet Deloitte er ein av sponsorane til arrangementet,
og hovudsponsor for BI-studentane sin organisasjon BS. Marknadsdirektør
i Deloitte, Morten Bjerke, er heller ikkje særleg nøgd
med den organiserte strippinga:
– Det er ikkje dette vi vil bli forbundne med, seier
Bjerke.
– Vi vil vurdere sponsinga på nytt ved neste
korsvei.
– IKKJE FOR KÅTE GUTAR
– Strippinga er berre eit vanleg underhaldningsinnslag,
seier informasjonsansvarleg for vinterleikane ved NHH, Kristoffer
Biørnstad. Han har ikkje fått negative tilbakemeldingar
frå verken deltakarar eller andre på skulen.
– Gutane syns det er kjekt, og jentene syns det er
stas med champagne. Det er eit innslag som varer nokre få
minutt. Dette er ikkje eit arrangement for kåte gutar,
seier Biørnstad.
Han presiserer at sponsorpengane ikkje direkte går
til strippinga, men til deltakararnes hotellopphold.
Etter det Studvest erfarer har strippinga vore fast innslag
på vinterleikane kvart år sidan 2001.
BILETE PÅ INTERNETT
Økonomiske vinterleker har blitt arrangert over tjue
gongar. I år foregjekk arrangementet på Ål
i Hallingdal, der studentane konkurrerte i ulike skigreiner
ved sida av det reint sosiale.
Engasjerte BI-studentar har lagt ut bilete frå ØVL,
inklusiv strippeseansen. Du finn dei her.
|