Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 25. februar 2004, nr. 6 - 59. årgang

I kø for trening

Studentar klagar over lange køar på Vektertorget. Fordobling av medlemstalet gjer at SiB no må byggje nytt treningssenter.

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK oyvind@studvest.no
Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM per@studvest.no
TOLMODSPRØVA. På måndagens aerobictime på Vektertorget må dei treningssultne vente i 40 minuttar for å sikre seg plass. – Måndagen er verst seier, Ingunn Voster, som sitter i resepsjonen.

– Ein må vere her minst 40 minutt før timen byrjar for å få plass, seier Pedersen.

Jentene trenar fire gongar i veka, både fellestimar og apparat.

– Stort sett er det kø på apparata også, seier Donovan.

I resepsjonen sit Ingunn Voster og deler ut treningskort til aerobictimen. Ho seier at måndagane er dei verste.

– Særleg etter jul har det ofte vore fullt. Vi prøver å få folk til å trene på andre tider, men på fellestimane hender det at folk ikkje får plass, fortel Voster.

STOR MEDLEMSAUKE

 
GLER SEG. Mira Donovan (t.v.) og Trude Pedersen meiner det er på
tide SiB lagar eit godt alternativ til Vektertorget.

I løpet av det første semesteret i drift hadde Vektertorget 1.000 medlemer. I løpet av ei tre års periode er talet tredobla. Arealet er derimot det same.

– Treningssenteret vart bygd for 1.500 medlemer, men i 2004 har over 3.000 medlemer kjøpt treningskort her, seier idrettssjef i SiB, Bård Johansen.

Han reknar med at studentane stort sett trenar der dei kjøper kortet sitt.

– Det er positivt at treningsgleda har auka, men dette fører til at vi må forbetre kapasiteten vår.

Diverre er det ikkje så mykje SiB kan gjer for å betre forholda på Vektertorget.

– Vi har ikkje plass til å byggje ut Vektertorget ytterlegare. Kvar krok er utnytta.

BYGGJER NYTT

I juni byrjar SiB byggjinga av eit nytt treningssenter på Det psykologiske fakultet i Christies gate.

– Senteret vil berre vere opent for studentar og tilsette tilknyta SiB, og vil kunne gi det same treningstilbodet som Vektertorget.

Johansen håper å kunne opne det nye treningssenteret allereie i januar 2005.

– Dessutan vil halvparten av arealet i det nye Studentsenteret bli treningssenter, og dette inkluderer eit symjebasseng på 25 meter.

IKKJE BERRE BERGEN

Også i Trondheim slit studentsamskipnaden (SiT) med plassmangel.

– Vi har eit kapasitetsproblem, og må byggje ut tilbodet vårt, seier Arne Brevik, idrettssjef i SiT.

Totalt 10.000 studentar nyttar seg av to idrettsbygg i Trondheim.

Idrettsdirektør i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), Asbjørn Amundsen, seier at heller ikkje dei klarer å tilfredsstille alle medlemmane sine.

– På einskilde tidspunkt på dagen vil det alltid vere dårlig plass, men vi prøver å utvide etter behov.

I januar i år opna SiO sitt tredje treningssenter i Oslo.

25.02.04

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14