Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2004

Lenkar: Studentradioen
Student TV
k7 Bulletin
Studentportalen
Under Dusken
Universitas

Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 25. februar 2004, nr. 6 - 59. årgang

SJEKK OPP DITT NÆRINGSLIV. Torbjørn Torsvik i Bergen næringsråd gjorde jentene, om ikkje mo i knea, så i alle fall klokare på karriereval.

Karriere rett i koppen

Formelen for Karrieredagen var «akademikarar + næringslivet = sant». Men det var før reklamen sette inn.

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK / oyvind@studvest.no
Foto: TROND A. SØRÅS / trond@studvest.no
 
GJE MEG EI LEFSE. Liv Anne Raa, personalsjef i Rieber & Søn, kombinerer marknadsføring med rekruttering på Karrieredagen.

Blant eit mylder av vestlandslefser, pakkar med Rett-i-koppen og andre Toro-produkt sit dei to representantane frå Rieber & Søn. Dei skal fortelje om moglege karrierevegar innanfor matvaregiganten; i alle fall til dei som skulle vere interesserte utover å få nokre prøver frå studentens beste ven, Toro. Karrieredagen, som vart arrangert sist onsdag, er Karrieresenterets årlege forsøk på å spleise studenten og næringslivet. Eit trettitals bedrifter stilte seg opp for å informere om jobb i si bedrift. Skjønt informere?

FERDIGMAT OG LYPSYLAR

– Bedriftene på Karrieredagen ser på studentane meir som kundar enn moglege arbeidstakarar, hevdar Geir Pollestad, leiar av Norsk studentunion (NSU) i Bergen. Han vandra sjølv kring mellom bodene og hadde helst sett at bedriftene la frå seg mesteparten av reklamemateriellet heime.

Statoil kunne til dømes lagt igjen kortstokkar og miljøskadeleg godt emballerte pennar, Schibsted sine mange avisbunkar og Manpower sine lypsylar med vaniljesmak. Og Toro, som i særklasse pøste ut mest reklamemateriell, kunne nok lagt att ein kontainer med ferdigmat.

Å SJÅ AETAT I AUGA

Inne på Jussbygget står bodene stilt opp på rad og rekke. Eit mannskor kjent for å bedåre kvinner med smektande mannsrøster opptrer, og det er suppe for dei som endå skulle vere svoltne etter eit besøk hos Rieber & Søn.

Aller mest populært er kanskje dei fire seminara. Trond-Viggo Torgersen møter ikkje uventa full sal. Det gjer også seminaret som tipsa om korleis ein snik seg inn bakvegen i ei bedrift.

For dei som snart skal sjå Aetat i auga, er programposten «Speeddating med næringslivet» eit populært val. Brosjyrene fristar med tre minutts kvalitetstid saman med bedriftsleiarar. Dit skal Kyrre Gregersen, student ved både NHH og Universitetet i Bergen.

– Eg har ikkje nett førebudd meg, seier Kyrre, og bedyrer at det er ganske tilfeldig at han er her.


HEITT OG LIDENSKAPELEG

Kyrre tar plass i auditoriet, klar for ein date eller to. Eit kommunikasjonsbyrå fortel om kvifor dei har tilsett ein antropolog som kommunikasjonsrådgjevar. Og isper det heile med solid eigenreklame. Kyrre himlar med auga.

– Kva er dette for noko, kviskrar han.

Etter ei innleiing på oppunder ein time tar hurtigsjekkinga til. Det er ikkje umogleg å finne spor av romantikk. – Anne. Hei. – Kyrre.

Dei handhelsar, og Kyrre får jammen visittkortet til Anne. Dette er heitt og lidenskapeleg, og Anne kastar ikkje vekk tida. «Kor langt har du kome i studiane? Kva jobb ser du for deg? Kor er du om fem år?» Gongongen går, og tre minutt i næringslivets famn har gått. På tide å bytte partnar.

– Eg følte vel ikkje at eg fekk så mykje ut av det. Men det var interessant å vere med, seier Gregersen etterpå. Så er han då heller ikkje på jobbjakt, ikkje heilt endå.


PERSONAL, IKKJE MARKNAD

Toro sine representantar forsvarar reklamen på Karrieredagen.

– Vi syns reklamenivået var edrueleg, sjølv om det ikkje burde vore noko særleg meir, seier Gard Bang-Olsen, prosjektleiar for Karrieredagen.

Personalsjef Liv Anne Raa i Rieber & Søn vil gjerne revurdere matmengdene om dei blir oppfatta som reklame.

– Vi var der i utgongspunktet ikkje for å marknadsføre, men for å snakke om rekruttering, seier ho.

Leiar for Karrieresenteret, Rønnaug Tveit, var sjølv bort til Rieber-standen for å forsikre seg om at det var personalavdelinga, og ikkje marknadsfolk, som stod bak.

– Vareprøver innanfor rimelige grenser må vi akseptere, seier ho.

REKLAMESKEPTISK

Meir skeptisk er Tveit til eigenreklamen kommunikasjonsbyrået fekk drive før hurtigsjekkinga.

– Vi kjem til å ta opp dette med våre medarrangørar i Bergen næringsråd. Det var ikkje vår meining at byrået skulle bruke så mykje tid på seg sjølve.

Men i Bergen næringsråd meiner kommunikasjonsdirektør Torbjørn Torsvik at byrået heldt seg innanfor grensene. Sjølv om han ei stund var usikker på om det ikkje blei for mykje reklame.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, både om opplegget og at det fungerte, seier Torsvik.


24.03.04


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14