Trivselsskulen
Høgskulestudentar er ikkje som andre studentar. Dei trivst riktig godt, i følgje MMI. HYGGE RUNDT BORDET. Vernepleiarstudentane kan skryte av å vere tilfredse med studiestaden. F.v. Arne Køhn, Kristian Roset, Gunn Beate Plassen og Svein Olav Fykse. Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM | TILFREDSE HØGSKULE-STUDENTAR | Trivsel ved HiB: n Tre av ti trivst veldig godt n Halvparten trivst ganske godt n Ein av ti trivst ganske eller veldig dårleg
Tilknytting til HiB: n To av tre kjenner middels eller stor tilknytting til Høgskulen n Ni av ti kjenner middels eller stor tilknytting til utdanninga dei går på
Kjelde: Høgskolen i Bergen og MMI: Måling av studenttilfredshet. |
|
Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK
Skulle du sett.
Ikkje før har Høgskolen i Bergen (HiB) gjort det dårleg på Stud.mag-undersøkinga, før to tusen av Høgskulens seks slår fast nett det motsette: Tre av fire studentar trivst ganske eller riktig godt på Høgskulen. Det viser HiB si eiga måling av studenttrivsel, analysert av MMI.
– Det er betre her enn på Universitetet, slår Kristian Roset fast. Han har prøvd begge delar, og trivst betre som vernepleiarstudent på Nordnes.
Studvest har brast inn på studentrådskontoret på skulen der sosionomar, vernepleiarar og fleire andre innanfor helse og sosial-sektoren vert utdanna. Men kven finn vi? I alle fall ikkje studentrådsmedlemmar.
– Nei, vi er berre innom for å få oss litt kaffi, seier Svein Olav Fykse, også han framtidig vernepleiar.
INGEN FULLE AUDITORIUM
Snart blir vi riktignok akkompagnert av ekte studentrådsmedlemmer. Kalde fakta blir lagt på bordet: To av tre meiner studiane ved HiB er stimulerande. Tre av fire syns studietilbodet held høg kvalitet. Like mange meiner at Høgskulen formidlar ny kunnskap. Og dialogen mellom student og lærar er også bra. Særleg på helse- og sosialfaga.
Håi.
– Nei, eg er ikkje overraska, seier Gunn Beate Plassen, studentrådsleiaren, når ho tittar opp frå undersøkinga Studvest har tatt med. Ho er godt nøgd med klassen sin, og meiner at det sosiale miljøet er riktig så godt.
– Her er vi i mindre grupper. Klassar på berre 70, i staden for fulle auditorium med tusen menneskje, skyt Kristian Roset inn.
TRIVST? VI?
– Kvifor vi trivst? spør sosionomstudent Margrete Aadnanes, som for å vere sikker på at det er det Studvest lurer på.
– Fordi det er ein meir strukturert studiekvardag. Det er kjekt å ha det same miljøet å forholda seg til over tid. Og vi har godt fellesskap.
Her er det klar melding. Men kva meiner lærarane?
Ikkje uventa er dei gledeleg overraska over resultatet: At nett dei har best dialog med sine studentar.
– Vi ser elevane, og det er ikkje berre dumt. Vi får eit personleg tilhøve til mange, seier Eva Try, lærar ved vidareutdanninga i psykisk helse.
|