Gå til innhold
English A A A
Emne SOS101

Sosiologisk teori: Klassiske perspektiv

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassisk sosiologisk teori. Ein studerer bidrag frå tidlege klassikarar som Marx, Weber, Durkheim, Simmel og Mead, men også frå seinare bidragsytarar som mellom anna Parsons, Horkheimer og Schütz. Det vert lagt vekt på korleis dei ulike bidragsytarane forstår relasjonen mellom individ og samfunn og handsamar tilhøvet mellom sosial handling og sosial orden. Har dei primært eit systemperspektiv eller eit handlingsperspektiv og kva kjenneteiknar deira teori om sosial handling og sosiale system? Gjennom arbeidet med desse teoribidraga vert det tatt opp ei rekke sentrale sosiologiske tema. Døme er makt og legitimitet, klasse og sosial ulikskap, integrasjon, kjønn, urbanitet, sosial samhandling, utviklinga av sjølvet. Gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar som tar for seg slike spesifikke tema, vert det drøfta korleis tilhøvet mellom handling og orden er handsama og vidare kva teoretiske perspektiv denne handsaminga har gjeve opphav til. Målet er at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike perspektiv på slike tema til å drøfte aktuelle samfunnsspørsmål.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

 

  • Gjere greie for ei brei krets av klassiske bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden.
  • Gjere greie for og skilje mellom kollektivistiske og individualistiske forklaringar av samfunnsorden og mellom rasjonelle og ikkje-rasjonelle forklaringar av sosial handling.
  • Plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis til dømes kollektivistiske teoriar frå 1960-talet bygger vidare på men også skil seg frå teoriar som vart utvikla tidlegare.
  • Skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar.
  • Vise generelle ferdigheter i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.

 

 

 

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Institutt

Sosiologisk institutt

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar

Undervisning og omfang

Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatoriske arbeidskrav

Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2.500-3.000 ord, og 4 timars skriftleg eksamen. Kvar del vert vekta 50%

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no