Velferd og ulikhet
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vil variere |
| Fagleg overlapp | Ingen |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
SOS 113 er eit fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: velferd, ulikhet og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet vil gi ei innføring i nokre sentrale teoretiske tradisjonar og perspektiv på velferd og ulikskap. Klassiske bidrag vil bli brukt som utgangspunkt for ei diskusjon av verdigrunnlaget for velferdsstaten og den særeigne, norske modellen. Vidare vil emnet ta opp problemstillingar knytt til korleis prosessar som individualisering, globalisering og migrasjon gir nye utfordringar for dagens velferdsstatar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne
- Gjere greie for teoritradisjoner, problemstillinger og faglige debatter om rammer og grunnlag for velferdsstaten sin framvekst og virkemåte, nasjonalt og internasjonalt.
- Gjere greie for korleis "den norske velferdsmodellen" er vaksen fram og kva slags normative, sosiale og politiske føringar som har hatt relevans for utforminga av modellen.
- Gjere greie for og drøfte korleis prosesser som industrialisering, globalisering og internasjonal migrasjon endrar og utfordrar organisering av velferdsproduksjonen.
- Gjere greie for og drøfte sentrale grunnlagsproblem som er knytt til forståing av sosial ulikskap, fattigdom og velferd, marginalisering og avhengigheit i studiar av samfunnet sin distribusjon av gode og byrder.
Undervisningssemester
Vil variere
Eksamenssemester
Same semester som undervisning
Undervisningsspråk
Norsk
Tilrådde forkunnskapar
SOS100 Invitasjon til sosiologi og SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar
Fagleg overlapp
Ingen
Undervisning og omfang
20-24 timer førelesingar
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timar skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emnar på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no