Fristar - søkje plass på undervisninga og melde deg til eksamen
Fristane gjeld for deg som alt er tatt opp til studium på UiO. Kva fristar som gjeld for deg avheng av kva du studerer.
- Du søkjer plass på undervisninga, får svar og melder deg til eksamen i Studentweb.
- Fristane gjeld midnatt den aktuelle datoen.
Fristar for å søkje plass på undervisning hausten 2015:
Nye studentar på bachelorprogram og årseiningar, samt profesjonsstudiet på TF
| 13.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Vi råder deg til å gå på infomøtet på programmet ditt før du registrerer deg i Studentweb. Svaret blir publisert seinast 17. august. Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisninga i obligatoriske emne. |
| 18.08. | Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Programstudentar som skal ta bacheloremne ved TF, JUS, HF, SV, UV og MED, samt profesjonsstudiet på TF
| 02.06. | Start for å søkje plass på undervisninga. |
| 11.06. | Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Svaret blir publisert seinast 16. juni. |
| 17.06. | Start andre runde for å søkje plass på undervisninga og framleis bli prioritert i opptaket til undervisninga. |
| 13.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 17. august. |
| 18.08. | Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Programstudentar og enkeltemnestudentar som skal ta emne ved MN
| 02.06. | Start for å søkje plass på undervisninga. Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisning i obligatoriske emne. |
| 13.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 17. august. |
| 18.08. | Start for å søkje på emne med ledige plassar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Studentar på masterstudiet i rettsvitenskap
| 02.06. | Start for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar |
| 11.06. | Frist for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar. Svar blir publisert seinast 17. juni. |
| 04.08. | Start for å søkje plass på undervisninga for nye studentar, og andre runde for noverande studentar. |
| 12.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 18. august. |
| 01.09. | Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta |
Studentar på masterprogram
Fristane for å søkje plass på undervisninga varierer mellom studieprogramma og fakulteta. Kontakt studieprogrammet eller fakultetets studieinformasjonssenter.
| 01.09. | Frist for å melde deg til eksamen, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Studentar på profesjonsstudiet i psykologi
Du blir administrativt plassert på dei fleste emna, både på undervisning og til eksamen. Du får e-post med meir informasjon.
| 01.09. | Frist for å registrere deg og betale semesteravgifta. |
Enkeltemnestudentar
inkl. nye enkeltemnestudentar ved MN
| 18.08. | Kl. 9 Bacheloremne med ledige plassar opnar også for enkeltemnestudentar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Frist for å søkje på emne med ledige plasser, registrere deg og betale semesteravgifta. |
Forkortingar
TF = Det teologiske fakultet
JUS = Det juridiske fakultet
HF = Det humanistiske fakultet
SV = Det samfunnsvitskapelege fakultet
UV = Det utdanningsvitskapelege fakultet
MN = Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
MED = Det medisinske fakultet
Fann du det du leita etter?
Publisert 2. feb. 2015 10:04
- Sist endra 15. jun. 2015 10:37