Kopiavgifta
Studentar ved UiO må kvart semester betale ei kopiavgift i tillegg til semesteravgifta.
Beløp og betaling
Kopiavgifta er for tida på:
- Kr 100 for studentar på eit heiltidsstudium (alle definerte heiltidsstudieprogram, uavhengig av kva for fakultet eller program studiet er tilknytta),
- Kr 50 for studentar på eit definerte deltidsstudium på 50 % eller mindre.
Du betaler kopiavgifta saman med semesteravgifta innan 1. september om hausten og innan 1. februar om våren. Les om korleis du betaler.
Krav om kopiavgifta for enkeltemnestudentar i kultur-, språk og samfunnsfag blir ikkje synleg i Studentweb før tidleg i februar om våren og tidleg i september om hausten. Då blir det sendt ut ein eigen e-post om betaling.
Kva dekker kopiavgifta?
Avgifta bidrar til å dekke nokre av UiO sine utgifter til Kopinor for bruk av opphavsrettsleg beskytta materiale til studentane.
Spørsmål?
Kontakt Knutepunktet.
Publisert 3. jan. 2012 12:56
- Sist endra 10. aug. 2015 11:48