print logo
English version of this page

Stadfestingar

Fakultetet ditt kan hjelpe deg med stadfesting, men ofte treng du ikkje stadfesting. Det held å vise semesterkort eller anna dokumentasjon på at du er student.

Merk at du berre kan få stadfesting på det som er registrert i UiO sitt studentsystem. Vi kan til dømes ikkje stadfeste din studentstatus for det aktuelle semesteret før du har registrert deg i StudentWeb.

Du kan bestille stadfesting

  • når du vil søkje om å utsette verneplikta. Stadfestinga sender du vidare til Vernepliktsverket saman med søknaden.
  • dersom du treng stadfesting til myndigheiter, institusjonar eller andre som ber om særskild stadfesting. Til dømes NAV eller SAK. Fakultetet ditt kan stadfeste mellom anna
    • melding til undervisning og eksamen.
    • studiestart/studieslutt for semester eller program.
    • eksamensdato. Du må vere registrert som student for semesteret og oppgje kva for emne du vil ha stadfesting på.
    • permisjon

Dette har du allereie stadfesting på

  • At du er student - semesterkortet stadfestar at du er student dette semesteret og at du har betalt semesteravgifta.
  • Oppnådde resultat - karakterutskrift stadfestar oppnådde resultat (emne, semester, studiepoeng og karakter).
  • Grad - vitnemål stadfestar grad.
  • Studiestart/studieslutt. Datoane finn du på nettsida vår.
  • Lånekassen får automatisk beskjed om at du er registrert som student og kva slags eksamenar du har tatt.

Studentrabatt hos Ruter?

Dersom du skal kjøpe studentbillett hos Ruter før du har motteke semesterkortet, kan du vise skjermbilete av startsida i Studentweb, enten på telefonskjerm eller på utskrift. Det må kome tydeleg fram at du har betalt semesteravgifta og registrert deg for gjeldande semester. Husk legitimasjon om du bekrefter betaling og registrering med papirutskrift.

Fornying av opphald/progresjonsrapport

Internasjonale studentar som treng ein progresjonsrapport til Utlendingsdirektoratet (UDI) i samband med fornying av opphaldsløyve må bestille det via denne nettsiden

Spørsmål

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

Bestill stadfesting

Det humanistiske fakultet

Karakterutskrift på norsk følgjer automatisk med dokumentasjon på fullført årseining. Dokumentasjonen vert skrive ut berre éin gong.

Det juridiske fakultet

Bestill stadfesting ved å ta kontakt med Infosenteret.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Bestill stadfesting via nettskjema

Det medisinske fakultet

Du kan bestille stadfestingar personlig eller ved e-post hos MED-studieinfo

Det odontologiske fakultet

Kontakt studiekonsulenten for spørsmål om stadfesting

Det samfunnsvitskaplege fakultet

Det teologiske fakultet

For å bestille stadfesting kan du sende e-post til info@teologi.uio.no. Det er viktig at du inkluderer følgjande informasjon i e-posten:

  • Fullt namn
  • Studentnummer
  • Kva du ønskjer stadfesta

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Bestill stadfesting via vårt bestillingsskjema

 

Publisert 7. apr. 2015 12:39 - Sist endra 17. jun. 2015 13:44