NORINT2115 - Dialektar, nynorsk og språkhistorie
Kort om emnet
Emnet gir ei innføring i norske dialektar, norsk språkhistorie og nynorsk. Dette er eit ferdigheits- og kunnskapsemne for internasjonale studentar og skal gi studentane grunnlag for sjølv å undervise om det norske språklandskapet. Vidare skal dei kunne tileigne seg fagstoff med relevant innhald på nynorsk og kunne bruke nynorsk i eigen skriftleg produksjon.
Kva lærer du?
Studentane skal ved fullført emne ha kunnskap om hovudpunkt i dialektologien og dei skal kjenne til og kunne beskrive geografisk inndeling og målmerker for norske dialektar. Dei skal arbeide praktisk med målprøvar og kunne skilje mellom dei fire hovudgruppene som norske dialektar er delt inn i, og kunne kjenne att dialektar frå desse hovudgruppene. Dei internasjonale studentane skal ha god innsikt i norsk talemål og talemålsvariasjon.
Studentane skal vidare kjenne til hovudtrekk i norsk språkhistorie frå urnordisk og fram til vår tid. Dei skal ha kunnskap om nynorsken sin plass i Noreg i dag, og kunne lese og forstå nynorske tekstar i ulike sjangrar frå fagartiklar til blogg og aviser. Studentane skal lære om særdrag i nynorsk grammatikk og nynorsk ordtilfang, sjå dette i høve til eige norsk talemål og kunne skrive tekstar på nynorsk.
Opptak og tilgangsavgrensing
Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
Ingen obligatoriske forkunnskapar utover generell studiekompetanse.
Anbefalte forkunnskapar
NORINT0130 - Norsk for internasjonale studenter, trinn 3 eller tilsvarende med karakter C eller bedre, både muntlig og skriftlig.
Undervisning
Tre timar seminarundervisning i veka i 14 veker. Praktiske skriftlege øvingar er ein obligatorisk del av emnet. Ei munnleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Kvalifiseringsoppgåva skal gjennomførast i grupper.
Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet/kvalifiseringsoppgåve er gyldig dei to neste semestra emnet blir gitt.
Adgang til undervisning
Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.
Eksamen
Ei obligatorisk oppgåve og obligatorisk oppmøteplikt på minst 75% for å verte godkjent for eksamen.
Heimeeksamen på omlag 4-5 sider.
Obligatorisk erklæring, mal for forside og tidligere eksamensoppgaver finner du under administrer dine studier ved ILN: http://www.hf.uio.no/iln/studier/admin/
Eksamensspråk
Nynorsk
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Tilgang til ny eller utsett eksamen
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Evaluering av emnet
Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande, periodisk evaluering av emnet.
Anna
Emnet er ein del av Fagstudium i norsk språk og litteratur i et fremmedspråksperspektiv