print logo
English version of this page

Trekk frå eksamen

Du kan trekkje deg frå eksamen innan visse fristar for kvar eksamen. Dersom du trekkjer deg etter fristen eller under eksamen, har du brukt eit eksamensforsøk.

Før eksamen

For å trekkje deg før eksamen, trykk på det raude krysset ved eksamensmeldinga, som du finn frå menyvalget Registrer deg i Studentweb.

Logg på Studentweb

Avhengig av eksamenstype, er fristen for å trekkje seg frå eksamen 2 veker før:

  • den aktuelle eksamensdatoen
  • den første eksamensdagen ved fleire eksamensdagar
  • fristen for innlevering av semesteroppgåve eller tilsvarande
  • datoen for utlevering av heimeeksamensoppgåve eller tilsvarande
  • fristen for innlevering av siste oppgåve ved mappelevering eller anna form for vurdering gjennom undervisningsperioden

Trekk etter fristen vil gjelde som eit eksamensforsøk.

Under eksamen

Dersom du ønskjer å trekkje deg under eksamen, får du informasjon i eksamenslokalet om korleis du gjer dette. Trekk under eksamen vil gjelde som eit eksamensforsøk.

Det gjeld eigne reglar for trekk under eksamen grunna sjukdom, sjå kandidatinstruks og sjuk på eksamen / utsett eksamen.

Klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie

For studieprogramma i klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie er det ingen frist for å trekkje seg frå eksamen. Manglande frammøte til eksamen utan gyldig forfall vert ikkje rekna som et eksamensforsøk og utløyser ikkje rett til utsett eller ny eksamen. Studentar som ikkje møter til eksamen vil rykke ned eit kull og bli underlagde prioritering for å få plass på kullet under.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 20. mai. 2010 22:38 - Sist endra 8. des. 2014 10:48