print logo
English version of this page

Eksamensformer

Her finn du ei oversikt over dei vanlegaste eksamensformene ved UiO. Detaljert informasjon om eksamen finn du i emnebeskrivelsen for kvart emne. 

Eksamenar med tilsyn

Denne typen eksamenar omfattar mellom anna

  • Skoleeksamen
    - den tradisjonelle oppsummerande slutteksamenen arrangert som ei skriftleg prøve under anonymitet og med eksamensvakter.
  • Munnleg eksamen
    - normalt offentlig, blir gjennomført med to sensorar til stades og skal normalt telje som ein sjølvstendig eksamen, enten åleine eller i eit samanlagt resultat.

Eksamenar utan tilsyn, med rettleiing

Denne typen eksamen omfattar mellom anna

  • Semesteroppgåve
    - skriftleg oppgåve som studentane arbeider med gjennom heile semesteret fram til en oppgitt leveringsfrist. Tema for oppgåva er oppgitt eller godkjent av emneansvarleg lærar og lengda er fastsett i emnebeskrivelsen.
  • Mappe
    - inneheld element som det vert arbeidd med gjennom heile semesteret. Ei mappe inneheld vanlegvis fleire arbeid som blir gjennomført i løpet av emnet og som blir vurdert samla.
  • Masteroppgåve
    - ei større skriftleg oppgåve som studentene arbeider med gjennom store delar av masterstudiet fram til siste semester.

Eksamenar utan tilsyn, utan rettleiing

Denne typen eksamen omfatter mellom anna

  • Heimeeksamen
    - skriftleg oppgåve som studentane arbeider med innanfor oppgjevne tidsrammer, som regel mot slutten av semesteret. Tema for oppgåva er oppgitt eller godkjent av emneansvarleg lærar.
  • Prøveforelesing
    - ei forelesing av ei viss lengd. Prøveforelesingar er ei munnleg vurderingsform. Kandidaten får tema for prøveforelesinga og tid til førebuing før den skal haldast.

Ei meir detaljert liste over eksamensformer finn du i Forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 23. jun. 2015 14:50 - Sist endra 24. jun. 2015 09:53