print logo
English version of this page

Ta eksamen på nytt

I dei fleste emna ved UiO kan du framstille deg til eksamen inntil tre gongar. For masteroppgåver gjeld det eigne reglar.

Oppmelding

Dersom du ikkje har bestått ordinær eksamen eller dersom du ønskjer å forbetre karakteren din, kan du vanlegvis melde deg opp neste gong det blir arrangert ordinær eksamen i emnet.

Oppmelding til utsett og ny eksamen for studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Eksamensforsøk

I dei fleste emna ved UiO kan du framstille deg til eksamen inntil tre gongar. Du kan ikkje ta eksamen på nytt dersom du har brukt opp talet på lovlege eksamensforsøk.

Ei masteroppgåve som har fått eit ikkje-bestått eksamensresultat kan leverast på nytt berre ein gong, og då innan avtalt tidspunkt og i omarbeidd form. Ei masteroppgåve som har fått eit bestått eksamensresultat kan ikkje leverast på nytt i omarbeidd form.

Avgrensinga i talet på eksamensforsøk gjeld totalt for eit emne, også dersom emnet har skifta emnekode, inngår med ulik kode i fleire studieprogram eller inngår i ny form i eit studieprogram i tilknytning til ei overgangsordning. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak til det same eller eit anna studieprogram der emnet inngår.

Dersom du har ein særskilt grunn, kan du vanlegvis søkje om eit ekstra eksamensforsøk. Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt for meir informasjon.

Masterstudiet i rettsvitskap

For masterstudiet i rettsvitskap er det ein kvote på kor mange gonger du totalt kan gjenta eksamenar i løpet av studiet. Kvota gjeld gjentak av allereie beståtte eksamenar, altså når du gjentek for å forbetre karakter. Du kan til saman ha fire gjentak av beståtte eksamenar på emne som inngår i graden. Viss du på gjentakseksamen trekkjer deg etter fristen, ikkje møter opp eller ikkje består, blir dette rekna med i kvota. Se reglar for gjentak av bestått eksamen for masterstudiet i rettsvitskap.

Klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie

For studieprogramma i klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie blir det arrangert ny eksamen etter kvar ordinære eksamen for studentar som har fått "ikkje bestått". Alle studentar med "ikkje bestått" blir automatisk meldt til ny eksamen.

Studentar som ikkje består eksamen i siste semester av medisinstudiet, får ikkje adgang til ny eksamen før ved neste ordinære eksamen.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 30. nov. 2011 15:13 - Sist endra 20. aug. 2015 12:58