I artikkelen " Den vanskelege vidareføringa" som stod på trykk i Spesialpedagogikk 1/2007 konkluderer dei to forskarane Sigrun Ertesvåg og Pål Roland mellom anna med at nøkkelen til varig endring ligg i planmessig og metodisk arbeid, oppfølging av aktiv-itetar, evaluering, prioritering, involvering og fornying av arbeidet.
Med artikkelen ønskjer dei to forskarane å sette fokus på temaet vidareføring. Dei peiker på sentrale faktorar for vidareføring illu-strert med erfaringar frå gjennomføringa av skuleprogrammet Respekt som Senter for åtferdsforsking leiar.
Vanskeleg endring
I artikkelen skriv dei at «Endring i skulen er lett å foreslå, vans-keleg å implementere og særdeles vanskeleg å oppretthalde».
- Når ein her snakkar om varig endring, tenkjer ein ikkje berre på om aktiviteten vert oppretthalden. Det avgjerande er om skulen er i stand til å gå inn i ein kontinuerlig endringsprosess der vidare-utvikling og fornying av aktiviteten er sentralt og aktiviteten vert samordna med nye initiativ både på kort og lang sikt, skriv dei to forskarane og held fram:
Skuleutvikling nødvendig
- Det kan vere tenleg å leggje sterkare fokus på vidareføring av arbeidet etter at den aktive perioden i programmet er over. Ein kan nok oppretthalde effekten av programmet på elevane ei tid etter at programperioden er over, men skal ein oppretthalde effekten på lengre sikt, til dømes i eit ti-års perspektiv, er truleg utvikling av skulen som organisasjon ein føresetnad.
Les artikkelen "Den vanskelege vidarføringa" (pdf, 104,6 kb) som er skriven av førsteamanuensis Sigrun Ertesvåg og universitets-lektor Pål Roland ved Universitetet i Stavanger.

English »

