Slik lagar vi varsla på yr.no
På yr.no får du vêrvarsel for sju millionar stader i verda, av desse er 700 000 i Noreg. Her kan du lese meir om korleis vi lagar varsel for så mange stader.
Publisert 08.10.2007 16:46. Oppdatert 10.10.2007 12:23.
- Skriv ut
Det er lurt å lese artikkelen Slik forstår du varslene på yr.no fyrst.
Varsla på yr.no er laga ut i frå fleire meteorologiske modellar, mellom anna den norske HIRLAM-modellen (High Resolution Limited Area Model) og EC-modellen frå det europeiske vêrsenteret ECWMF. I denne artikkelen nyttar vi HIRLAM10-modellen (som dekkjer Nord-Europa) som eksempel, men dei same prinsippa gjeld for dei andre modellane.
Vêrvarsel blir rekna ut for eit rutenett

I HIRLAM10-modellen blir det rekna ut varsel for eit rutenett som dekkjer heile Nord-Europa. Rutene i dette nettet er 10 km breie, det vil seie at det blir rekna ut eit vêrvarsel for kvar 10. km på bakken.
Varsla blir altså ikkje rekna ut etter kvar observasjonsstasjonane står, men for faste punkt i eit rutemønster.
Punkt som ligg inne i rutenettet
Når du hentar opp eit varsel på yr.no, hentar vi varselet for dei fire ferdigutrekna punkta som ligg nærast. I eksempelet ser du Gol som den blå prikken midt i biletet og dei fire HIRLAM-punkta som ligg nærast Gol.

Etter å ha funne dei fire punkta med utrekna vêrvarsel nærast Gol, reknar vi ut avstanden frå Gol til kvart punkt. Deretter blir det laga eit gjennomsnittsvarsel mellom dei fire punkta, der kvart punkt blir vekta etter kor langt unna Gol det ligg.
Til slutt korrigerer vi for høgdeskilnadene mellom Gol og dei fire punkta. Av og til er det stor høgdeskilnad mellom desse punkta og sjølve staden vi skal rekne ut varsel for (f.eks. inne i fjordarmar eller rundt spisse fjell), og då er det særleg viktig å høgdekorrigere for å få rett temperatur.
Siste saker frå yr.no
Titusenvis evakuert på Filippinene - Gode sjanser for sol denne uken
- Mange fortsatt evakuert etter flom
- En kliss våt uke på Sørlandet
- Uværet er på vei mot Østlandet
- Sol, sommer og 25 varmegrader
- Hva er et kulelyn?
- Opplever opp mot 50 varmegrader
- Slik har sommeren vært i år
- Finværet finner du fortsatt i nord
- De varmeste dagene var lengst nord
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Snø på verdens tørreste sted
- Her blir det bra vær i helgen
- Mot rekordlite is i Arktis i sommer
- Nå skinner endelig solen i sør
- Derfor bommer yr.no på bygene
- Fortsatt for kaldt i sjøen for deg?
- Trønderne kan juble denne uken
- – Turistene forventer kalde somre

