Tidleg snø på Sørvestlandet
SAUDA I DAG: Slik såg det ut på fjella i Svandalen i Sauda torsdag føremiddag. Snøen har lagt seg på fjelltoppane som på er mellom 800 til 1000 meter over havet.
Foto: Ragnar RamstadBerre seks dagar ut i oktober har allereie den første snøen kome til Sørvestlandet. Det blir meldt om vanskelege køyreforhold og brøytebilen har alt vore ute.
Publisert 06.10.2011 17:50.
- Kommentarer
- Skriv ut
ÅDNERAM SKITREKK: Webkameraet i Ådneram skitrekk syner eit tynt snølag ved skiheisen.
Foto: Webkamera Ådneram SkitrekkDå Ragnar Ramstad kom heim frå ein tur i Sauda sentrum i dag blei han overraska av synet som møtte han.
Regnet i sentrum hadde kome som snø på fjella i Svandalen som han har utsikt til frå stova si.
– Nå kan det sjå ut som om eg må gå på rypejakt med trugar, seier Ramstad som sikra seg eit bilete av den tidlege snøen.
- Les òg: Snø på i Ådneram skitrekk
- Les òg: Slik blir helgevêret
Kjem meir i helga
Meteorologisk institutt sende torsdag kveld ut varsel om snø og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge fredag.
Temperaturen er venta å bli lågare i helga, noko som kan gjera at snøen som kjem blir liggjande og at det også vil koma meir.
– I løpet av helga kan nok høgdegrensa for snøen koma ned i 600 meter, seier statsmeteorolog Ivar Gjellestad ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Det er også venta bøyevêr, men dette skal ifølgje meteorologen minke utover helga. Det blir derfor ikkje snakk om store mengder snø som vil koma, og etter helga skal det vera slutt.
– Då skal temperaturane stiga, og me ventar at snøen vil forsvinna, seier Gjellestad.
Brøytebilane har vore ute
Torsdag ettermiddag måtte fylkesveg 337 brøytast på grunn av snø på fjellovergangen mellom Suleskard og Brokke. Verst skal køyreforholda ha vore på Sirdal-sida.
– Fleire bilar med sommardekk blei ståande fast i dei bratte bakkane, seier Helge Bjunes i Risa til Agder. Han trur det er kome 5–10 centimeter snø på vegen.
Vegtrafikksentralen seier at køyreforholda framleis blir rekna som vanskelege på fjellovergangen grunna snø.
– Nå er me i gang, seier Roger Lemme i Vegtrafikksentralen om den tidlege snøen.
Brokke – Suleskard blir stengt frå og med 1. november.
Les
Siste saker frå yr.no
Vinterhelg i nord, høstvær i sør - Sjekk høstværet i Europa!
- Her kan det bli ulevelig i 2100
- «God gammeldags» høst i vente
- Fra «indian summer» til snøvær
- «Indian summer» i Sør-Norge
- Dødstallene etter flommen stiger
- Denne uken kan du nyte høstsola!
- Nippflo, springflo og stormflo
- Flott høstvær i fjellet neste uke
- Er dette vanlig høstvær?
- Nord-Norge er ukens værvinnere
- Motsetningene skaper lyn
- Skrape bilen i plussgrader?
- Klissvåt avslutning på uken
- Her har «Katia» regnet mest fra seg
- Mer regn i år enn årsnormalen
- Ventes mye nedbør fra «Katia»
- Det kan bli nok en iskald vinter
- Nyt lørdagen – snart kommer «Katia»

