Om yr.no
Meteorologisk institutt og NRK står bak yr.no, som er den største vêrtenesta i Noreg.
Publisert 09.05.2007 18:22. Oppdatert 20.11.2008 18:21.
- Skriv ut
Kontakt og hjelp
yr.no
- yr.no har varsel for sju millionar stader i verda; 700.000 av desse er i Noreg. Dei norske varsla blir oppdatert fire gongar i døgeret.
- I tillegg til varsla har yr.no fleire andre relaterte tenester: vêrradar, satellittbilete, pollenvarsel o.s.v.
- 87 prosent av norske nettbrukarar kjenner til yr.no, og 23 prosent seier at dei brukar tenesta kvar dag (tal frå Norstat, sumaren 2008).
- Opp til 1,3 millionar unike brukarar er innom yr.no kvar veke (tal frå TNS Gallup).
- yr.no gjev vekk gratis vêrvarsel til alle som vil ha (les meir under «Gratis værdata»).
Meteorologisk institutt og NRK har samarbeidd i meir enn 70 år for å formidle vêrvarsel. I 2007 utvida institusjonane samarbeidet til òg å gjelde internett, då yr.no vart offisielt lansert 19. september. yr.no vart raskt ei populær nett-teneste, og er no den største vêrtenesta på nett i Noreg. Sidene blir vidareutvikla kontinuerleg, med nye tenester og meir data. Skriv gjerne til oss om du har tilbakemeldingar eller ynskjer om andre tenester!
yr.no blir laga i fellesskap mellom Meteorologisk institutt og NRK. Meteorologisk institutt er ansvarlege for datagrunnlaget og det faglege innhaldet, NRK for presentasjonen og leveransen av varsla til brukarane.
- Meteorologisk ansvarleg: Anton Eliassen, direktør i Metorologisk institutt.
- Ansvarleg redaktør: Bjarne Andre Myklebust, nettsjef i NRK.
- Redaktør: Erik Bolstad.
- Ansvarleg for nyheitsstoffet: Kjell Jarle Høyheim, programsjef i NRK Program Riks og Heidi Lippestad, informasjonsdirektør i Meteorologisk institutt.
Kva er yr?
- Den meteorlogiske definisjonen: Yr er ei jamn og lett form for nedbør. Dropestorleiken til yrdropar er mindre enn regndropar, vanlegvis rundt 0,5 mm i diameter eller mindre. Yr fell vanlegvis frå stratiforme (lagdelte) skyer, men kan i somme tilfelle falle frå låge cumulusskyer. Her til lands oppstår yr som regel i samband med varmfrontar, og då gjerne i varmsektoren mellom ein varmfront og ein kaldfront.
- Andre tydingar av ordet yr: glad, vilter; vill, galen, kåt, laussleppt; fortumla mylder små kvervlar i sjøflata etter ein fiskestim
Kva kan du finne på yr.no?
På yr.no får du varsel for 7 millionar stader i Noreg og verda. Dei norske stadnamna fylgjer offisiell rettskriving frå Statens Kartverk. I tillegg tilbyr vi nyheiter og faktainformasjon som har med vêret å gjere.
Vêrvarsla på yr.no er basert på data frå Meteorologisk institutt og frå dei internasjonale samarbeidspartnarane til instituttet (ECMWF, EUMETSAT etc.). Nokre av varsla er retta mot «vanlege folk» medan andre vil vere så spesialiserte at dei berre er av interesse for nokre få. yr.no blir finansiert av skatte- og lisenspengar, og skal difor vere «noko for alle».
Logo til yr.no
Du kan bruke logoen vår dersom du vil lenke til oss. Logoen er laga av Vegard Bjørlykke i Apt.
Andre nyttige sider:
Lenker
Siste saker frå yr.no
Hvem får best vær denne uken? - Tornadoer herjer Kansas og Oklahoma 3. og 4. mai 1999
- Tornado-marerittet
- Kom mai, du skjønne milde?
- 60 nye varmerekorder
- Fra godvær til gråvær i helgen
- Traff han med 1. mai-varselet?
- Knallfin 1. mai i skibakken
- Sjekk mai-været med mobilen
- Varmerekordene står i kø
- Tredobler anslag for havstigning
- Mange får flott 1. mai vær
- Vil «slukke» global oppvarming
- Siste værrapport før Skarverennet
- Årets første sommerdøgn i Oslo
- Strålende i sør - grått i nord
- Godvær under Skarverennet
- Våren spiser av vinteren
- Hva skjer med været denne uka?
- Nordland delt i to
