No må du vurdere vinterdekk
SNØ: Det ligg snø i vegbana ved Sognefjellshytta.
Foto: WebkameraStatens vegvesen oppmodar folk om å skifte til vinterdekk om ein skal over fjellet den næraste tida.
Publisert 23.09.2011 08:40. Oppdatert 23.09.2011 09:36.
- Skriv ut
Om haustfargane har uteblitt, er hausten i full gang med å gå over til vinter.
Vegvesenet oppmodar no alle bilistar til å leggje om frå sommar- til vinterdekk om dei skal over fjellovergangane.
– Det gjeld spesielt dei som køyrer om kvelden, natta eller morgonen. Om natta ligg det så nærme nullpunktet på fjellovergangane at vi rår folk til å skifte til vinterdekk, seier Kjetil Molvær til NRK.no.
Snø på Sognefjellet
Visste du at...
Foto: Gunnar Lier/Scanpix- Sognefjellet fekk i 1997 status som den første turistvegen i Norge, og stod ferdig opprusta som nasjonal turistveg i 2003.
- Med sine 1 434 m.o.h er den norges høgaste fjellovergang.
- Sognefjellet vart opna som bilveg i 1938.
- Avstande mellom Gaupne og Lom i Oppland er 110 km.
- Sognefjellet har mange fjelltoppar på over 2 000 meter. Mellom desse er Galdhøpiggen (2 469 m.o.h.), Store Skagadølstind, Fanaråken, Store Smøstabbtind og Storebjørn, som er ynda reisemål for fjellentusiastar.
Kjelde. Sognefjellet.com
I morgontimane fredag melde brøytebilsjåfør Nils Weka frå til Vegmeldingssentralen om snø i vegbana på norges høgaste fjellovergang, Sognefjellet.
– Ikkje mykje, men nok
Det er ikkje uvanleg tidleg, men likevel eit tydeleg teikn på at vinteren er i anmarsj.
Torsdag vart det også meldt om snø på Vikafjellet og Hardangervidda. Fredag morgon fekk vegmeldingssentralen også melding om snøslaps på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland.
- LES OGSÅ: Sjå, no er vinteren her
- LES OGSÅ: Sognefjellshytta på ut.no
– Det var ikkje mykje, men det var glatt frå 1 300 meter og over. Det plar normalt gje seg når klokka nærmar seg halv ti, seier Weka, som har 30 års erfaring som brøytebilsjåfør, om synet som møtte han på Sognefjellet.
Snø ved jonsok
Weka har tidlegare opplevd å måtte brøyte 30 centimeter snø ved jonsok. I fjor kom den første snøen allereie i august.
– Eg såg det køyrde ein trailer opp der no, så eg håpar han køyrer med vit, legg han til.
Siste saker frå yr.no
-
«God gammeldags» høst i vente
- Fra «indian summer» til snøvær
- «Indian summer» i Sør-Norge
- Dødstallene etter flommen stiger
- Denne uken kan du nyte høstsola!
- Nippflo, springflo og stormflo
- Flott høstvær i fjellet neste uke
- Er dette vanlig høstvær?
- Nord-Norge er ukens værvinnere
- Motsetningene skaper lyn
- Skrape bilen i plussgrader?
- Klissvåt avslutning på uken
- Her har «Katia» regnet mest fra seg
- Mer regn i år enn årsnormalen
- Ventes mye nedbør fra «Katia»
- Det kan bli nok en iskald vinter
- Nyt lørdagen – snart kommer «Katia»
- – Hele Sør-Norge er gjennombløtt
- I kveld blir det heftig regnvær
- Her var det varmest i sommer

