Vakna opp til 50 centimeter nysnø
SNØ I STRYN: Snøen lava ned og det kom 50 centimeter natt til måndag.
Foto: Arne VikStore mengder snø har lava ned mange stader natt til måndag.
SNØMÅKING: Malin og William Sunde i Stryn var tidleg ute for å måke snø.
Foto: Harald Kolseth/NRK
LANGE KØAR: Mange bilistar stod lenge i kø måndag morgon etter eit trafikkulukke ved Moskog.
Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK
I GRØFTA: Ei bil hamna nesten på taket då den hamna utfor vegen i Oldedalen.

UTFOR VEGEN: Også i Stongfjorden i Askvoll hamna ein bil i grøfta.
Foto: NRK.no-tipsarStryn er ein av dei stadane som har fått mykje snø i natt. Arne Vik vakna opp til 50 centimeter snø.
– Det har snøa godt dei siste tolv timane. Eg har vore ute og køyrd bil i morgontimane og det var ikkje noko særleg å køyre fordi snøen er tung og våt.
- LES OGSÅ: Skadd etter trafikkulukke
- LES OGSÅ: Trafikkulukke ved Movika på E39
Han fortel at det snøar godt enno, men håper det lettar utover dagen. I Veitastrond i Luster har det kome 25 centimeter i natt. Måndag føremiddag snøar det framleis mykje der.
Kvite snøfnugg skaper ekstra stemning no i førjulstida, men har også ført til problem fleire stader. Fleire bilar har hamna i grøfta, og på E 39 ved Moskog i Førde blei det lange køar etter eit trafikkulukke.
Ventar meir snø
Vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga for Vestlandet, seier det truleg kjem meir snø i løpet av dagen.
– Det blir nok ein del byger i dag, anten i form at sludd eller snø. Men slik det ser ut no, blir det lettare tysdag og onsdag. Då blir det også ein del kjøligare med minusgrader. Nye lågtrykk frå torsdag fører til at temperaturen stig igjen og det blir meir nedbør, seier han.
«22 centimeter snø her i Florø »
SMS-innsendar frå Florø
Tjøstheim har tre offisielle snødjupner måndag morgon. På Sandane har det kome 14 centimeter, i Førde fem og på Takle to centimeter.
«50 cm på Hoff i Viksdalen :-)»
SMS frå Viksdalen
Fleire av lyttarane til NRK Sogn og Fjordane melder om mykje snø måndag morgon. Ein av dei som fekk trøbbel med snøen i dag tidleg er Terje Steinar Vallestad i Viksdalen i Gaular kommune. Det har snøa godt dei siste dagane og no ligg det om lag 50 centimeter snø der.
– I går kom det så mykje at eg køyrde meg fast på tunet. Og då eg skulle på jobb i Førde i dag tidleg, brukte eg ein time og 45 minutt på turen. Det er ein time meir enn vanleg, fortel han.
«-1 grader, kraftige vindkast og litt snø: -) God gamaldags vinter pao Borgund :-)»
SMS frå Borgund
Ei av årsakene er trafikkulukka på Moskog som danna langa køar, men også at det var vanskelege køyreforhold fleire stader på vegen.
– Men dette er vel Norge i eit nøtteskal no om vinteren, seier han.
«50 centimeter snø på Dispa i Stryn, og meir vert det.»
SMS frå Arild i Stryn

TUNG OG VÅT: Det har vore vanskeleg å køyre på vegane i morgontimane etter all snøen som har kome.
Foto: Arne VikSiste saker frå yr.no
En uke i regn, sludd og snø - Vind på bakken og i skylaget
- Slik blir været første desemberhelg
- Varmeste november på 111 år
- Spesielle skyer over Gjøvik
- Jakten på årets værbilde 2011
- Varmeste tiåret som er målt
- «Berit» har satt sine spor
- Klissvåt uke i vest og nord
- Her herjet «Berit» fra seg
- Slik varsles ekstremvær
- «Berit» nærmer seg med stormskritt
- Nå kommer ekstremværet «Berit»
- En mild vinter i vente
- Is på ruten i plussgrader?
- Mildværet fortsetter i hele landet
- I helgen snur været
- Nå drar sola for vinteren
- Hva er vandrende lavtrykk?
- Burde det ikke være vinter her?

