Derfor smeltar snøen rundt treet
Her ser vi at snøen har smelta rundt trestammen først. Årsaka er at trestammen ikkje reflekterer solstrålane like mye som snø, og blir oppvarmet.
Foto: Tore SølvbergRobert har lagt merke til at snøen smeltar raskare heilt inntil trestammane og at det blir ei grop i snøen rundt treet. Kvifor skjer dette?
Spør meteorologen!
Foto: Marit Hommedal
- I dag er det statsmeteorolog Merete Øiestad som svarer.
- Send dine værspørsmål til yrmeteorologen@met.no
På skitur i påskefjellet var det sikkert mange andre som også observerte dette. Kanskje sette du deg i lyngen under eit tre og åt litt kvikklunsj?
Denne veka er det meteorolog Merete Øiestad svarar yr-brukaren:
Verdiar for albedo
- Nysnø 75 - 95%
- Tett skydekke 60 - 90%
- Gammal snø 40 - 70%
- Sandjord 15 - 40%
- Eng og beitemark 15 - 25%
- Skog 5 - 20%
- Mørk åkerjord 7 - 10%
- Vatn (ved høg solhøgde) 3 - 10%
(Kilde: boka «Mikro- og lokalmeteorologi» av Kåre Utaaker)
Reflekterer berre 20% av solstrålinga
Grunnen til at snøen smeltar fortare heilt inntil trestammen, er at snøen reflekterer meir av den kortbølgja strålinga frå sola enn det stammen gjer.
Forklaring til tabell:
Snø og andre kvite flatar har høg albedo, det vil sei at nesten all strålinga frå sola blir reflektert.
For nysnø kan så mykje som 95 % av solstrålinga bli reflektert. Medan trestammen ikkje vil reflektere meir enn om lag 20 %.

SOL PÅ TRESTAMMEN: Trea blir varmet opp og snøsmeltingen begynner rundt roten av treet.
Foto: Ole Andreas Bø/NRK
SIKKERT VÅRTEIKN: Krokusen begynner å sprette opp frå snøen.
Foto: Rainer Prang/NRKTrestammen blir oppvarma
Dermed blir trestammen meir oppvarma enn snøen.
Stammen gir frå seg varme til lufta nærmast stammen. Slik blir lufta nærmast stammen varmare enn lufta omkring og difor smeltar snøen her fortare enn snøen lenger borte.
Først ser vi ei grop i snøen, og etter kvart smeltar det heilt ned til lyngen og graset under snøen. Rusk frå trea oppå snøen vil også bidra til hurtigare snøsmelting.
Skitten snø smeltar fortare
Tilsvarande vil skitten snø smelte fortare enn kvit snø. Så viss du strør sand på snøen, vil den tine raskare.
Den kvite snøen reflekterer meir solstråling enn skitten snø. Vi seier at den kvite snøen har høgare albedo enn den skitne snøen.
Albedo er forholdet mellom reflektert og innkommande kortbølgja stråling.
Siste saker frå yr.no
-
Knallfin uke i vest og nord
- Snøforhold akkurat nå
- Derfor smeltar snøen rundt treet
- En helg i bygevær og solgløtter
- Over 15.000 varmerekorder i USA
- Solaktivitet påvirker temperaturen
- Variert påskevær
- påskeværet 2012
- Ozonlaget og påskesola
- Varmeste mars på 112 år
- Over 20 grader i mars!
- Vinterlig start på påskeferien
- Har du hørt om påskefjæra?
- Rekordvarmt i mars
- Deilig og sommerlig helg i vente
- Våren blir mild i hele landet
- Deilig vårvær i hele Sør-Norge
- Sigurd Smebye
- Derfor «snurrer» lavtrykkene
- Helgeværet uke 11

