Mine steder
Velg språk / Choose language:

To hus er evakuerte etter jordras i Midsund sentrum

Jordraset har bana seg veg mellom husa på Midsund. Raset har mellom anna teke med seg ein bil som sto mellom husa.

To familiar er evakuerte frå bustadane i Midsund i Romsdal. Det har gått eit jordras midt mellom husa.

Midsund jordras (Foto: Odd Fremstedal)

Det har vore enormt med nedbør det siste døgnet og geolog er no på veg for å vurdere om det er fare for fleire ras.

Foto: Odd Fremstedal

Eit hus er treft av jordras i Midsund sentrum. Dei som budde i huset har kome seg uskadde ut.

Kristian Haukås bur i det øvste huset og vart overraska då brannvesenet brått ringte på døra i dag tidleg.

– Dei sa at det hadde gått ras og at eg måtte ut av huset fort. Då var det berre å dra på seg kleda og kome seg ut, fortel Haukås.

Det står to hus i nærleiken av raset og begge er no evakuerte. Totalt fem personar fra husa er evakuerte.

Enormt med regn

Ordførar Einar Øyen i Midsund fekk melding klokka 8 i dag tidleg og har allereie samla kriseleiinga i kommunen.

– Det er eit betydeleg jordras etter mykje nedbør det siste døgnet, seier Øyen. Han fortel at det går ei elv i nærleiken av raset. Geolog er no varsla og vil vurdere om det er fare for nye ras.

Kjem de til å evakuere fleire hus?

– Det er berre desse to husa som står der, så det vil ikkje vere nødvendig, seier Øyen.

NRK kjem tilbake med meir

Har du bilete? Send til mr@nrk.no eller på MMS med kodeord mr til 1987

Siste saker frå yr.no