03.11.2007

Andøya-radaren er i drift

Frå og med måndag 10. september kan du fylgje nedbøren gjennom radarbilete frå den nye radaren i Nordland.


Av
Erik Bolstad
Publisert 10.09.2007 13:17
Radaren på Andøya (Foto: Jørgen Togstad, Meteorologisk institutt)

Gjennom radarane til Meteorologisk institutt kan du sjå kvar det er nedbør (regn, sludd og snø). Radarbileta her på yr.no blir oppdatert kvart kvarter, og viser nedbørssituasjonen to timar bakover i tid.

Radaren på Andøya ligg på Trolltinden, 436 meter over havet. Oppføringa av radaren vart starta i 2005, og heile radaren har kosta om lag 15 millionar kroner.

Det norske radarnettet er under utbygging og heile landet er ikkje dekt enno.

Radar-bilete frå Andøya i stor utgåve

 

Radar Nordland og Troms

Radaren registrerer korleis nedbøren flyttar seg ved å sende ut radarstrålar. Radaren får tilbake eit ekko når strålane treff nedbørspartiklane. Animasjonen over viser nedbør dei siste timane. Det siste biletet i animasjonen i er i nær sann tid (det tek om lag 15 minutt å handsame biletet).

I nokre situasjonar treff strålane andre typar partiklar i lufta, og vil feilaktig vise dette som nedbør. Dette kallar vi falske ekko.

Siste saker frå yr.no

Tips ein ven

Opphavsrett © Meteorologisk institutt og NRK Kontakt

Vêrportalen er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt og NRK, med data frå: