Skriv ut Sideoversikt |  



Studietilbod 05-06
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt KEV

KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 05 48 10
Telefaks: 70 07 50 51

kev@hivolda.no

Meir info >>

Livslang læring / Vidareutdanning / Kunnskapsløftet / Kristendoms-,religions- og livsynskunnskap/KRL /

Kristendoms-,religions- og livsynskunnskap/KRL

Vidareutdanning

Ved Institutt for Religion, Livssyn og Kyrkjefag på HVO har vi mange tilbod som kan vere av interesse for lærarar i skulen.Dette er tilbod for einskildlærararen som ynskjer eit påfyll av kunnskap og studiepoeng.

Spesielt vil vi nemne to emne som kan vere aktuelle, kvar på 15 stp.:
REL 114, Religions- og livssynsundervisning i ein mangfaldskultur
Tekst i studiekatalogen
REL 204, Møte mellom religionar/kulturar
Tekst i studiekatalogen

Dette er nett-tilbod, men vi tenkjer oss å supplere dette nett-tilbodet med samlingar der lærarar frå fleire skular kan møtast til diskusjon og samtale om emna.

I tillegg har vi tre ulike einingar på 30 studiepoeng, tilpassa for deltidsstudenten. Desse vil også kunne eigne seg for lærarar som tek studium på deltid.

KRL 1 30 stp
Halvårsstudium på nett. Målgruppe er først og fremst allmennlærarar med utdanning frå før L-97 vart innført. Studiet er særleg aktuelt for dei som frå før berre har grunnutdanning. Oppstart hausten 2005.  Studiet går over to semester.
Tekst i studiekatalogen

KRL 2 30 stp
Halvårsstudium på nett. Studiet er utvikla for allmennlærarar som har 30 stp ( KRL 1 eller VU-1, eller evt 15+15 stp. Oppstart hausten 2005. Studiet går over to semester.
Tekst i studiekatalogen

KRL 3
Halvårsstudium på nett. Studiet gir fordjupning og opptaksgrunnlaget er fullført årstudium i kristendomskunnskap/KRL eller tilsvarande. Oppstart hausten 2005.
Tekst i studiekatalogen

 

Etterutdanning

  • Vi ynskjer å tilby eit seminaropplegg med 3-4 samlingar der fokuset er på KRL i kunnskapsløftet. På desse samlingane trur vi at lokalt læreplanarbeid, tilpassa opplæring, samarbeid mellom lærar, team og skuleleiing er høvelege tema. Vi ser for oss eit opplegg med noko arbeid / ”heimelekse” mellom samlingane. Dette er for å arbeide kontinuerleg med utfordringane, og det vil vere til nytte for dei andre på seminaret å høyre om erfaringar frå andre skular. Det vil og gje høve til oppfølging og vidare arbeid med utfordringane ein møter ved implementeringa av den nye skulereformen.
  • Det kan og bli aktuelt å ha samlingar seinare som kan kallast ”KRL- verkstader”, der ein diskuterer didaktikk og praktisering av faget. Der kan ein til dømes drøfte praktiseringa av dei 5 grunnleggande ferdigheitene,  konkrete ”prikkpunkt” frå dei tre hovudområda i planen, korleis nytte digitale verktøy i undervisninga, eller estetikk i faget osb.

Du kan lese meir om Høgskulen i volda si satsing på KRL i kunnskapsløftet i dette brevet: KRL_kunnskapsloftet.pdf

Kontaktinformasjon:

Oddbjørn Nes
Kontoret for etter- og vidareutdanning
oddbjornn@hivolda.no
Telefon: 70 07 50 55

Aktuelle lenker:



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Kev-tavla
Gi rom for lesing i lys av nye læreplanar
22.09.2005

Liten, eg? Barnehagekonferansen 2005 i Molde
22.09.2005

Oppdatert av Eirik Bech 05.09.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning