15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Ingeniør elektro

Klikk for større bilete

BACHELORGRAD I AUTOMATISERINGSTEKNIKK - FØRDE

Behovet for folk med utdanning i elektro på alle nivå er aukande. Vi ser no i media at det er stor mangel på ingeniørar, også innan elektro og automatiseringsteknikk.

Studiet vårt legg stor vekt på ei praktisk tilnærming, der arbeid på lab står sentralt. Vi har også tett kontakt med Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane, som m.a. kan tilby traineeplassar etter at utdanninga er avslutta. Vi samarbeider også med bedriftene gjennom prosjekt på alle årstrinn, og spesielt gjennom hovudprosjektet i siste semester.

Kvar kan du få jobb? Elektroingeniørar arbeider både offshore og på land. Dei fleste bedrifter er automatiserte på eit visst nivå, så mulegheitene er mange. Mange elektroingeniørar arbeider også innan databransjen, kunnskap om data er viktig også i automasjon.

Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeider med Høgskulen i Bergen, slik at det er råd å ta første året i Førde, og så gå vidare på elkraft, elektronikk eller kommunikasjonsteknologi i Bergen.

Høgskuleutdanningane i Førde held til i det nye høgskulebygget på Vie.

Les meir i Studiehandboka

Studieinformasjon

»  Open dag ved HSF i Førde ein suksess
Sjukepleiarutdanninga og ingeniørutdanninga i Førde hadde open dag tysdag 7. november. Det var om lag 140 personar innom dørene, mest elevar frå Hafstad og Øyrane vidaregåande skular.
 

Arkiv


Sist endra av: Guy Steffen Brun, 05. desember 2006 19:20:55
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 05. desember 2006 19:20:56

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane