
Kvalifiserer til opptak på bachelor i ingeniørfag. Forkurset er eit tilbod til søkjarar som ikkje har tilstrekkeleg teoretisk bakgrunn frå vidaregåande skule, eller som ikkje har eksamen i realfaga matematikk og fysikk.
Kurset kvalifiserer til opptak ved ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning i Noreg, men fører ikkje fram til generell studiekompetanse. Søkjarar med fullført forkurs etter godkjent opplegg kan konkurrere om studieplassane innafor fastsette kvoter. Får du ikkje tilbod innafor kvoten, kan du konkurrere om studieplass utanom kvoten på linje med andre søkjarar.
Forkurset inneheld faga matematikk, fysikk, kjemi, norsk, samfunnsfag og engelsk. Ein kan søke om fritak for dei faga ein har frå før.
Opptakskrav
1) Vidaregåande kurs I ved alle studieretningar, utanom allmennfagleg i vidaregåande skule
2) Fullført vidaregåande skule, allmennfagleg studieretning, men utan nødvendig fordjuping i realfag (2FY og 3MX)
3) Yrkespraksis, eller kombinasjon av yrkespraksis og skulegang, minimum 5 år. Må vere fylt 23 år
Kontakt studieleiar
Søknad til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Sist endra av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 19:33:20
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 19:33:20
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane