
Dette kurset kvalifiserer til opptak på bachelor i ingeniørfag, elektro, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Sommarkurset er eit tilbod til søkjarar som har generell studiekompetanse, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk (2FY, 2MX og 3MX). Dei som har blitt tekne opp med realkompetanse i botn må også ta dette kurset.
I løpet av seks sommarveker får du undervisning i det du treng i matematikk. Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna haustsemesteret første studieåret og første veka i vårsemesteret. Når du har greidd alle emna første året, har du komme like langt som dei ordinære studentane.
Tresemesterordninga vart etablert i 1997 og har vore gjennomført 10 gongar. Studiet har rekruttert både studentar som kom rett frå vidaregåande skule og studentar som hadde vore i jobb i fleire år. Alderen har vore frå 18 til over 40 år, men dei fleste har vore i 20-åra. 92 % av dei som begynte har fullført sommarkurset i matematikk. Berre nokre få studentar har gjennomført kurset utan å oppnå gode nok matematikkunnskapar til å starte på ingeniørutdanninga. Tidlegare studentar har vore godt nøgde med sommarkurset.
Sommarkurset i matematikk passar også godt for dei som har opptaksgrunnlaget i orden (t.d. med teknisk fagskule), men som ønskjer å repetere matematikk.
Søknadsfristen er 1. juni, og kurset startar måndag 25. juni 2007 i høgskulebygget på Vie i Førde.
Søknad til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Søknadsskjema
Sist endra av: Joar Sande, 12. februar 2007 12:55:11
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 19:02:50
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane