03 november 2007
[logg inn]


Søk etter:  i

Natur- og teknologifag

Er du interessert i naturfag eller teknologi, men veit ikkje heilt kva retning du skal velje? Ved å ta årsstudiet i natur- og teknologifag vil du bli kjend med fagområda, og du vil få eit godt grunnlag for vidare studium, anten ved vår høgskule eller ved eit universitet. Vel du naturfag, får du vere mykje ute og samle inn prøvar som du bearbeider på godt utstyrte laboratorium med god fagleg rettleiing.

Studieinnhald
Du kan velje årsstudium i Natur- og teknologifag ved å kombinere emne som inngår i bachelorstudia i Akvakultur, Ingeniørfag elektro (automasjonsteknikk) eller Landskapsplanlegging. Ved å settje saman emne frå desse utdanningane kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar. Vi rår til at du kombinerer emne med tanke på vidare studium anten ved høgskule eller universitet.

Naturfaglege emne i Sogndal
Haustsemesteret 2006
Botanikk 10 studiepoeng
Innføring i akvakultur 10 studiepoeng
Brekurs 6 studiepoeng
Økologi og evolusjon 10 studiepoeng
Landskapsanalyse 10 studiepoeng
Kjemi 10 studiepoeng
Vårsemesteret 2007
Fjord og hav 10 studiepoeng
Statistikk med bruk av programvare 10 studiepoeng
Cellebiologi, genetikk og fysiologi 10 studiepoeng
Kartlære og GIS 10 studiepoeng
Zoologi 10 studiepoeng

Teknologifaglege emne i Førde NB! Krav om 2FY og 3MX i opptaksgrunnlaget.
Haustsemesteret 2006
Matematikk 1 10 studiepoeng
Kjemi og miljølære 10 studiepoeng
Grl. elektro 1 10 studiepoeng

Vårsemesteret 2007
Fysikk 10 studiepoeng
Grl.datateknikk med programmering 10 studiepoeng
Grl. elektro 2 10 studiepoeng

For å få eit årsstudium må du ta emne som til saman utgjer 60 studiepoeng. Kvart semester må du ta alle emna anten innafor naturfaga i Sogndal eller teknologifaga i Førde.

Organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga kombinerer forelesingar med gruppearbeid og laboratorie- og feltarbeid. I tillegg blir det arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane.

Yrke vidare studium
Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad eller gje grunnlag for fritak ved tilsvarande studium ved eit universitet. Det er gode overgangsordningar til universiteta. Årsstudiet i natur- og teknologifag kan godkjennast som valfri del av allmennlærarutdanninga ved HSF



Sist endra av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 19:43:39
Publisert av: Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 19:43:39

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane