15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Allmennlærarutdanning

Rammeplan for Allmennlærarutdanning av 2003 definerer ei 4-årig utdanning som har 2 år med obligatorisk innhald og to år med valfag.

Rammeplanen skil mellom to ulike grupper av valfag, nemleg skolefag og andre skolerelevante fag.

Skolefaga har innhald i samsvar med grunnskolens fag, fagdidaktikk og til vanleg praksis i grunnskulen. Rammeplan for allmennlærarutdanning definerer nasjonale rammeplanar for skolefaga.

Minst eitt av dei to åra med valfag må vere skolefag.

Skolefaga er utvikla med tanke på å kvalifisere for undervise i grunnskolens fag. Skolefaga er difor skolerelevante fag.

Naturfag 30 er eit skolefag. Det er sett saman av to fag, Naturfag 15Bio og Naturfag 15Fys.

Andre skolerelevante fag finst naturlegvis. Det er den institusjonen som tilbyr faget som definerer faget som skolerelevant. I praksis er det få fag som fell utanfor denne kategorien. Studenten kan velje inntil eitt år andre skulerelevante fag. Arbeidsgjevar tilset ut frå arbeidsgjevars vurdering av relevans.

»  Utefag
»  Naturfag 30
»  Naturfag 15Fys
»  Naturfag 15Bio


Sist endra av: Berit Amundsen, 09. januar 2007 21:49:49
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 03. desember 2006 17:28:42

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane