16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Masterutdanningar

Klikk for større bilete

Avdeling for lærarutdanning tilbyr tre ulike masterutdanningar. To er i samarbeid mellom avdelinga og Universitetet i Oslo og ein er i samarbeid med Avdeling for økonomi og språk. Mastergradsutdanninga kan du ta på heiltid eller deltid - til saman 120 studiepoeng. Utdanningane byggjer på grunnutdanning på minimum tre år, med ulike opptakskrav for kvar av masterutdanningane.

Læring og tilpassa opplæring - mastergrad i lærarutdanning

Dette er eit nytt og spennande studium for lærarar i skulen. Dette gir lærarar, skular og kommunar eit unikt høve til å styrkja kompetansen innan læring og tilpassa opplæring og faga norsk, matematikk eller engelsk. Dette er eit heiltidsstudium over to år som går i Sogndal i samarbeid med Universitetet i Oslo.

Masterutdanning i spesialpedagogikk

Dette er eit studium for deg som ynskjer å bli spesialpedagog innan områda logopedi eller psykososiale vanskar. Studiet er på deltid over tre år, og er organisert med vekesamlingar på Sandane. Studiesenter Sandane tilbyr overnatting på internat, og denne organiseringa gir eit aktivt og godt studentmiljø. Universitetet i Oslo har det faglege ansvaret for utdanninga.

Master i organisasjon og leiing

Dette er eit studium for deg som siktar deg inn på leiar- og administrasjonsstillingar innan utdanningssektoren og helse- og sosialsekstoren. Utdanninga er på deltid over fire år og går i Førde. Avdeling for økonomi og språk har det faglege ansvaret for denne utdanninga.



Sist endra av: Tor W. Eikemo, 27. desember 2006 14:47:46
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 05. desember 2006 10:40:28

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane