| Planverk/lover | |
| studieplan deltid | |
| studieplan heiltid | |
| nasjonal rammeplan |
| Aktuelle lenkjer | |
| utdanning.no | |
| skuleplassen | |
| skoleporten | |
| skolenettet | |
| opplæringslova | |
| nye læreplanar for skuleverket |

Praktisk-pedagogisk utdanning er ei eittårig utdanning (60 studiepoeng) der studentar som har fullført ulike fagstudium kan kvalifisere seg for læraryrket. Denne lærarutdanninga byggjer på studium av universitets- og høgskulefag, eller på ei yrkesutdanning kombinert med yrkesteori og praksis frå yrkeslivet.
Praktisk-pedagogisk utdanning omfattar pedagogikk, praksisopplæring og fag- eller yrkesdidaktikk. HSF tilpassar undervisningstilbodet i fag/ yrkesdidaktikk til studentane sin faglege bakgrunn.
Utdanninga gir undervisningskompetanse på mellomsteget og ungdomssteget i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botnen. Fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan kvalifisere til opptak på visse vidareutdanningar for lærarar. Studiet byggjer på Rammeplan og forskrift for praktisk-pedagogisk utdanning av 01.07.03.
Gjennom praktisk pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane møter du mellom anna:
Studieleiar: Ann Karin Sandal, tlf. 57 67 60 25
Praksiskonsulent: Heidi Stenseth, tlf. 57 67 60 1
Sist endra av: Tor W. Eikemo, 28. desember 2006 12:21:25
Publisert av: Guy Steffen Brun, 05. desember 2006 09:27:07
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane