16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Allmennlærarutdanning

Klikk for større bilete

Allmennlærarutdanninga er vegen til eit spanande og variert yrke, prega av kreativitet, samarbeid og personleg utvikling. Som allmennlærar vert du sentral i utviklinga av haldningar, kunnskap og dugleik hos barn og ungdom. Oppgåvene i læraryrket er utgangspunkt for valet av innhald og arbeidsformer i utdanninga. Høgskulen i Sogn og Fjordane vektlegg å gi deg solide fagkunnskapar, dugleik i klasseleiing og yrkesetiske haldningar, slik at du står fram som ein trygg, reflektert og nytenkjande lærar.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) seier i evalueringa si av allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane mellom anna:

-Studentane roser rettleiinga ved utdanninga, og seier at faglærarane og administrasjonen er lett tilgjengeleg. Høgskulen legg til rette for eit godt læringsmiljø.

-Høgskulen har eit godt grep om organiseringa av praksisopplæringa. Samarbeidet mellom høgskulen og praksisfeltet fungerer bra. Øvingslærarane og rektorar frå øvingsskulane er trygge på rollene sine.

-Høgskulen er engasjert i lokalt og regionalt skoleutviklingsarbeid. Høgskulen ser ut til å ha ein tydeleg plass i regionen sin, og eit godt nettverk med skular, kommunar, fylkeskommunen og næringslivet.

Gjennom allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane møter du mellom anna:

Temadagar

Presentasjon av eige arbeid

Elevar frå ulike klassesteg

Eit godt studiemiljø

For meir informasjon om studiet, ta kontakt med:

Studieleiar for allmennlærarutdanninga: Ingvar Laberg
Praksiskonsulent for allm.lærarutdanninga: Mary Ann Wik (frå 01.02.2007)



Sist endra av: Tor W. Eikemo, 28. desember 2006 10:54:29
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 11:24:24

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane