16 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Allmennlærarutdanning - deltid

Klikk for større bilete

HSF har og deltids allmennlærarutdanning med oppstart annakvart år. Ny oppstart hausten 2006, med Sogndal som samlingsstad. Utdanninga strekkjer seg over eit tidsrom på 5 år. Dei 3 første åra svarer til om lag 2/3 av ordinær allmennlærarutdanning tatt på normert studietid. For å få vitnemål for fullført utdanning må allmennlærarstudentane i tillegg ha eit 4. og eit 5. studieår (120 studiepoeng valfag). Dei to siste åra føl normert studietid, men det er høve til sjølv å velje kor mykje ein vil studere pr. år av valfag.

  • Studiet går over fem år med til saman 240 studiepoeng
  • 40 studiepoeng pr. år dei tre første åra
  • Høve til opptak til Master i lærarutdanning.
  • Om lag 10 todagarssamlingar i Sogndal pr. år, høve til nokre vekesamlingar
  • Nettstøtta undervisning gjennom støttesystemet Classfronter
  • Tverrfaglege emne, dels saman med heiltidsutdanninga
  • Eigenstudium og arbeid i lokale studiegrupper
  • Praksis: 20 veker i grunnskulen - i pendlaravstand

Studieinformasjon

»  Eit godt studiemiljø
 
»  Oversikt over samlingane
 
»  Meir generell informasjon om utdanninga på hovudsida for Allmennlærarutdanninga
 
»  Studiemodell for deltidsutdanninga
 


Sist endra av: Tor W. Eikemo, 12. desember 2006 14:49:39
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 04. desember 2006 11:48:58

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane