IN646 Internettprogrammering
I dette emnet jobbar studentane vidare med driftsmiljøa som vart sette opp i IN637 It-drift, og tema frå fleire tidlegare emne vert vidareførde (m.a. css, xhtml, SQL, Java). Studentane har ansvar for å setje opp og drifte sine eigne vevtenarar (Apache, PHP, MySQL). Sentralt står utvikling av dynamiske vevsider og nye teknologiar for innhaldsproduksjon og -spreiing (JavaScript, DOM, Ajax, JSP, Tomcat, XML, XPath, XSLT, web feed (RSS, atom)). Studentane jobbar med ei rekkje mindre oppgåver som leiar fram til eit større eksamenscase.
Litteratur:
Svend Andreas Horgen: Webprogrammering i PHP, 2. utg.
Emneomtale i studiehandboka finn du her.
Sist endra av: Tom N. Pedersen, 19. april 2007 10:07:21
Publisert av: Tom N. Pedersen, 18. april 2007 11:08:06
Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no
Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane