Klar for China Three Gorges University
Sist veke besøkte representantar frå China Three Gorges University Høgskolen i Telemark for å følgje opp det gode samarbeidet som er etablert mellom dei to institusjonane. Det er nå klart for studentutveksling.
For tre år sidan besøkte HiT-rektor Dag K. Bjerketvedt dette universitet og underteikna da ei avtale som opnar for eit omfattande samarbeid innan student- og lærerutveksling.
China Three Gorges University (CTGU) har namnet frå dei berømte ”tre kløfter” som ligg sentralt i Yangtseelva. Her ligg også Three Gorges-dam, eit gigantisk damprosjekt med verdens største vannkraftverk.
Spesialistar
- Universitetet er naturleg nok spesialistar på dambygging og på elkraftproduksjon, to område som også vi i Norge er gode på, seier dekan ved Avdeling for teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark, Ole Ringdal.
CTGU ligg i byen Yichang ved Yangtseelva noen kilometer nedanfor for det store damprosjektet. Byen har over ein million innbyggarar, men er likevel ein middels stor by i kinesisk målestokk.
Aukande Kina-interesse
Det er en aukande interesse hos norske studentar for å reise til Kina på studieopphald, og her er ikkje HiT noe unntak.
Med vårt samarbeid med CTGU har HiT-studentar innen ingeniørfag ein gylden molegheit til å studere ved eit universitet som har kompetanse i verdensklasse innen damkonstruksjon og innen elkraft.
- Dei som vel å dra til Kina vil i hvert fall få ei erfaring og ei oppleveling som er utanom det vanlege for norske ungdommar. Vi kan derfor bare anbefale dette til våre studentar, seier dekan Ole Ringdal.
