EF-Design
Ein registrert EF-design gjeld i alle land som er medlem i EU (EØS-land er ikkje omfatta av dette).
Alle som er busett i Noreg og selskap som har sete i Noreg, må sende søknad om EF-design via ein fullmektig som har rett til å hjelpe klientar i EU. Fullmektigen må i tillegg ha autorisasjon fra OHIM (Office for Harmonization in the Internal Market) for å kunne representere designsøkjarar.
Viss du vurderer å søkje EF-design, bør du informasjonen fra OHIM samt eventuelt ta kontakt med ein fullmektig som kan hjelpe ved innlevering av søknaden.
Vern av registrert design trådde i kraft 1. april 2003.
Uregistrert design
For design gjeld også ei ordning med uregistrert design.
Vern blir oppnådd ved at designen blir offentleggjord fyrste gong (utstilling, avbilda, marknadsføring, sal osv.) i eit EU-land. Ver oppmerksam på at uregistrert designvern berre gir vern mot kopiering. Vernet varer i tre år frå offentleggjeringa.
Ordninga med vern av uregistrert design trådde i kraft 6. april 2002.
Sjå informasjon frå OHIM
Genèveavtalen (info om komande registreringsordning)
NB: Noreg er ikkje tilslutta enno. Saka er no til behandling i Justisdepartementet. Fyrst når Noreg er blitt medlem kan norske søkjarar nytte seg av dette systemet.
Genèveavtalen er eit system for å søkje om internasjonal registrering av design. Dette systemet gir deg høve til å verne designen din i fleire statar ved å sende berre ein søknad til Det Internasjonale Byrået ved WIPO, på eitt språk (engelsk eller fransk), og med berre eitt sett med avgifter i ein valuta (Swiss franc).
Genèveavtalen gir deg fleire fordeler når du skal søkje om designvern internasjonalt.
Privatpersonar eller selskap med tilknyting til ein av medlemsstatane til Genèveavtalen kan søkje om registrering i dei andre medlemsstatane. Det er både enklare og billigare å levere inn ein internasjonal søknad via Genèveavtalen, enn å søkje i kvart enkelt land for seg. Talet på medlemsland aukar stadig. Sjå liste.
Korleis søkje om designvern via Genèveavtalen?
Når Noreg har tiltrått Genèveavtalen, kan norske søkjarar som ønskjer å nytte seg av ordninga, levere søknaden direkte til WIPO (Det Internasjonale Byrået), eller via Patentstyret.
Dei aktuelle landa som du ønskjer å søkje om designvern i, må utpeikast blant medlemslanda. Utpeikinga må skje i søknaden. Vidare må søknaden vere på engelsk eller fransk og maskinskriven.
Søknader som blir leverte inn via Patentstyret blir vidaresendt til WIPO (World Intellectual Property Organization), som fordeler søknaden til dei utpeikte landa. Søknadene blir behandla og avgjorde i kvart enkelt land på bakgrunn av nasjonal rett. Registreringsmyndigheitene i dei utpeikte landa vurderer om designen kan registrerast i det aktuelle landet.
Behandlingstida i dei respektive landa kan variere, men overstig som regel ikkje 6 månader. Bakgrunnen for dette er at Genèveavtalens regelverk pålegg dei utpeikte landa å godta eller nekte registrering innan ein frist på 6 månader. Dersom designen ikkje er nekta innan denne fristen, skal designen gis automatisk vern i det aktuelle landet frå fristen sitt utløp.
Søknadsskjemaet (kode DM/1(E)) kan lastast ned frå WIPO si heimeside. Sjå også rettleiinga til utfylling av Genèvesøknader (kode DM1.inf(E).
Kor mye kostar det å søkje ei Genèveregistrering?
Patentstyret krev ei klargjøringsavgift på kr. 550,-.Andre avgifter - sjå Schedule of Fees. Alle avgifter er i sveitsiske francs.Oversikt over land som krev individuell avgift.Sjå også WIPO sin avgiftskalkulator.
WIPO sine sider om Genèveavtalen.