Gebyr for forkynning
Når forkynning er nødvendig etter lova, eller er kravd av offentleg styresmakt, dekkjer det offentlege kostnadane. Det er ikkje gebyr for forkynning av straffesaker, sidan oppdragsgjevar alltid vil vere ei offentleg styresmakt.
For forkynning av sivile saker er det heller ikkje til gebyr når oppdragsgjevar er ei offentleg styresmakt.
Gebyr i nokre tilfelle
Unntaket er forkynning av konkursvarsel; her kjem det alltid til ½ rettsgebyr uansett om oppdragsgjevar er offentleg styresmakt, privatperson, advokat, inkassofirma eller andre. Same gebyr kjem også til når det som skal forkynnast ikkje er nødvendig etter lova og oppdragsgjevar ikkje er ei offentleg styresmakt.
Det blir betalt eitt gebyr for kvar person dokumentet skal forkynnast for. Gebyret blir innkravd av Statens innkrevingssentral i etterkant av forkynninga.
Gebyr for forkynning ved stemnevitne er regulert av rettsgebyrlova kapittel 8.