print logo

Utdanningsplan ved UiO

Bruk utdanningsplanen til å planlegge kva emne du skal ta på studieprogrammet du går på. Hald den oppdatert, for vitnemålet ditt blir laga på grunnlag av emna i utdanningsplanen.

Kva kan eg bruke utdanningsplanen til?

  • Planlegg studieløpet på studieprogrammet du går på. Fulltidsstudium utgjer 30 studiepoeng pr. semester. Søkjer du plass på emna innan fristane, blir du som er programstudent prioritert i undervisningsopptaket.
  • Sjå emna du har tatt på studieprogrammet
  • Sjå emne du har fått innpassa frå andre lærestader.
  • Sjå kva emne som vil være grunnlaget for grad og komme med på vitnemål.
  • Sjå viktige reglar du må kjenne til når du er student.

Kor finn eg utdanningsplanen min?

Kva om eg vil endre planen?

  • Vil du flytte emne? Trykk på blyanten til høgre for emnet.
  • Du kan ikkje flytte emne i tidlegare semester.
  • Ønsker du å forbedre karakter på eit emne du har teke tidligare, skal du ikkje flytte emnet i planen. Då melder du deg til eksamen ved å trykke på blyanten til høgre for emnet under det semesteret du tok eksamen første gong.
  • På studieprogram der det er mange emne å velje blant, kan du ofte ombestemme deg undervegs i studiet om kva for emne du planlegg å ta. Emna du kan slette har raudt kryss i Studentweb. Du kan endre planen fram til 1. september om hausten og 1. februar om våren. Etter dette har ikkje emna raudt kryss lenger.
  • Mange studieprogram har eit eller fleire obligatoriske emne. Du kan ikkje slette dei frå utdanningsplanen, og dei har aldri raudt kryss i utdanningsplanen i Studentweb. På nokre studieprogram kan du flytte emna til eit seinare semester ved å trykkje på blyanten.

Nokre gonger vil studieadministrasjonen endre utdanningsplanen din, til dømes dersom eit emne du har lagt i utdanningsplanen blir lagt ned eller endrar undervisnings- og eksamenssemester.

Forsinka?

Utdanningsplanen varer i utgangspunktet like lenge som normert tid for studieprogrammet. Etter det kan du ikkje utan vidare leggje til nye emne i utdanningsplanen, og du får ikkje stadfesta han.

Kontakt fakultetet dersom du er forsinka i studiet og har bruk for utvida studietid.

Treng du hjelp?

Publisert 1. feb. 2011 13:52 - Sist endra 17. aug. 2015 14:31