Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Profesjon

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Senter for profesjonsstudier (SPS) / Om SPS - Senter for profesjonsstudier / Strategiplan 2001 - 2005 / Forsking / Profesjonell yrkesutøving og autonomi

Profesjonell yrkesutøving og autonomi

Profesjonalisering gjev visse utdanningsgrupper større eller mindre grad av eksklusiv tilgang til visse stillingar og yrke, og gjev dei kontroll over korleis oppgåvene skal løysast. Dette vert legitimert med at dei rår over haldbar og påliteleg mål-middel-kunnskap. Samstundes vil all profesjonell yrkesutøving involvere skjønnsvurderingar, der den profesjonelle ikkje berre gjer bruk av kunnskap som er tufta på empirisk dokumentasjon, men òg andre typar kunnskap. I utgangspunktet har samfunnet, gjennom det mandat det har gjeve profesjonane, tillit til at dei forvaltar sin autonomi til beste for fellesskapet. For å ha tillit i folket må dei difor kunne legitimere handlingane og avgjerslene sine og balansere eigen autoritet mot andres. Dei seinare åra har det vorte stilt spørsmål ved verdigrunnlaget til dei profesjonelle: har den profesjonelle yrkesutøving eit etisk fundament og vert den styrt av nokre overordna kollektive mål? Har profesjonane vorte for autonome -bør profesjonell yrkesutøving kontrollerast meir, trengst det meir politisk styring og/eller bør brukarar/klientar/pasientar får større innverknad på kostnad av dei profesjonelle? Dette området er spesifisert i to retningar:

(a) Profesjonell autonomi under press

Samstundes som det er stor oppslutnad i folket om velferdsstaten vert den òg kritisert for å vere ineffektiv og kostbar. Både talet på offentleg tilsette og utgiftene har vokse sterkt - langt sterkare enn i dei fleste andre land det er naturleg å jamføre Noreg med. Kritikken er vidare at den er for styrt av reglar, samstundes som profesjonane har fått for mykje makt - den er for lite lydhør overfor pasientar og klientar og manglar den fleksibilitet og brukarkontakt som er nødvendig. Velferdsstaten vert vidare kritisert for ikkje å vere i takt med dei forventningar, krav og behov som eksisterer. Fleire og betre tenester vert etterspurt, og det vert reist spørsmål om det offentlege bør produsere alle typar tenester.

Sidan slutten av 1980-talet har det vorte initiert reformer for å effektivisere og styre ressursbruken i offentleg sektor betre. Reformene er i stor grad basert på modellimport frå privat sektor med vekt på management-orientert styringsfilosofi basert på innføring av kvantitative resultatindikatorar og effektivitetsmål. Desentralisering og delegering vert sett på som verkemiddel for å yte betre tenester og til å gjere offentleg sektor meir brukarstyrt og serviceinnstilt. Ressursane skal forvaltast på ein betre måte, og nye incentiv skal motivere og disiplinere dei profesjonelle. Det vert argumentert for at omstilling og nedskjering er nødvendig, men målet er ikkje berre å heve kvaliteten og å gjere velferdsstaten meir effektiv. Det er òg at brukarane av tenestene skal få meir å seie - dei vert forstått som brukarar og kundar, snarare enn som klientar og pasientar. Tenestene skal gjerast meir brukarvennlege og demokratiske. Spørsmålet er kva dette gjer med arbeidssituasjonen til dei profesjonelle, med deira legitimitet og med sjølve verdigrunnlaget for velferdsstaten.

SPS vil difor stimulere til studiar av:

  • tilhøvet mellom auka brukarmedverknad og profesjonell autonomi
  • institusjonelle endringar og opplevinga av profesjonell identitet
  • endringar i status og makttilhøvet mellom profesjonar
  • nye yrkesroller og kjenslemessig utmatting

(b) Yrkesutøving og legitimitet

Arbeidsoppgåvene til profesjonane er generelt av ein slik karakter at det frå overordna nivå ikkje er mogleg å regulere i detalj kva som konkret bør gjerast eller kor mykje ressursar som bør setjast inn. Det er delegert til den enkelte yrkesutøvar å konkret avgjere desse spørsmåla, og i dette ligg det eit rom for individuelt skjønn i yrkesutøvinga. I arbeidet må dei ta stilling til kven som skal få hjelp, kva type hjelp som skal gjevast og i kva grad. I yrkesutøvinga gjer dei ikkje berre bruk av kunnskap som er tufta på empirisk dokumentasjon eller som byggjer på tolking av legale og administrative reglar. Dei må òg gjere bruk av kunnskap som viser tilbake til normer om kva som er godt i etisk tyding og rettvist i moralsk tyding.

Med den sterke veksten i offentleg sektor har mandatet til profesjonane vorte utvida. Det utvida mandatet impliserer òg at profesjonane i aukande grad involverer seg i kvardagslivet til folk, og må i dette arbeidet ta stilling til problem som er av normativ karakter. Samstundes har auka refleksjon og kritikk fått kunnskapsgrunnlaget deira til å framstå som meir diffust og usikkert. Dette påverkar tilliten til profesjonane og har reist auka krav om kontroll med deira handlingar og kompetanse.

SPS vil difor stimulere til studiar av:

  • kunnskaps- og handlingsgrunnlaget til profesjonane
  • skjønnsvurderingane til profesjonane
  • grensene for fagspesifikk kompetanse og rommet for demokratisk samfunnsstyring
  • tilliten til profesjonane og profesjonell kunnskap

 

Strategiplan

Forsking

Bakgrunn

Mål

Profesjonsstudier

Aktivitetar og tiltak

Forholdet til andre senter ved HiO