Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Profesjon

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Senter for profesjonsstudier (SPS) / Om SPS - Senter for profesjonsstudier / Strategiplan 2001 - 2005 / Forsking / Profesjonskvalifisering og yrkeskarriere

Profesjonskvalifisering og yrkeskarriere

Ei sentral oppgåve for høgskolen er å utdanna mange nok profesjonsutøvarar med relevant kompetanse. Høgskolane har i dag problem med å fylle denne oppgåva - dels ved at det er mangel på kvalifisert personell på fleire områder og dels ved at det frå yrkesfeltet vert stilt spørsmål ved kompetansen til nyutdanna profesjonsutøvarar. Det første reiser spørsmål om kva som styrer val av utdanning og yrke blant unge menneske og kva som påverkar vidare yrkeskarriere. Det andre reiser spørsmål om kva slags type kunnskap som bør prege innhaldet i utdanningane, kva læringsmetodar som bør stå sentralt og korleis læreprosessen skal evaluerast. Dette området er spesifisert i tre retningar.

(a) Rekruttering, utdannings- og yrkeskarriere

Svikten i tilgangen på profesjonell arbeidskraft kan dels ha samanheng med at det ikkje vert utdanna mange nok og dels at dei som er utdanna arbeider i mindre grad enn tidlegare i yrke som utdanninga i utgangspunktet var retta mot. Det første kan ha samanheng med både rekruttering til og dimensjonering av talet på studieplassar.

At mange sluttar i yrket, vel å arbeide deltid eller ikkje er yrkesaktive i periodar kan ha fleire grunnar. For det første at dei, alt i utgangspunktet, er lite motiverte for yrket og er opne for å gå inn i andre yrke enn dei utdanninga primært er retta mot. For det andre kan det ha samanheng med utdanningssosialiseringa t.d. at studiet og/eller studentmiljøet underminerer motivasjonen for å gå inn i og stå i dei aktuelle yrka. For det tredje at det har med tilhøve som dei profesjonelle møter i yrkeslivet, som t.d. løn og arbeidsmiljø. Kunnskap om den relative rolle som desse faktorane spelar har ikkje berre stor samfunnsmessig interesse, men er òg viktig for høgskolen som utdanningsinstitusjon.

SPS vil difor stimulere til studiar av:

  • kva som motiverer unge menneske til å søkje ulike profesjonsutdanningar
  • korleis utdanninga påverkar motivasjon og profesjonsidentitet
  • trivsel, løns- og arbeidsvilkår for ulike profesjonsgrupper
  • yrkeskarriere og avgang frå yrket

(b) Kunnskaps-, kunnskapsutvikling og kvalifisering

I profesjonsutdanningene er det på same tid interesse for å leggje vekt på både erfaringsbasert kunnskap, individualisering og bruk av intuisjon, og på formalisering, vitskapleggjering og standardisering. Samtidig er yrkesfeltet prega av ein aukande tendens til standardisering og rettsregulering. Det skjer på områder der yrkesutøvinga tradisjonelt har vore kjenneteikna av skjønnsvurderingar og ikkje-formalisert kunnskap. Dette reiser på den eine sida det empiriske spørsmål om kva som utgjer særtrekka ved kunnskaps- og handlingsgrunnlaget til ulike profesjonar, og det meir normative om kva slags type kunnskap som bør prege profesjonsutdanningane.

Kunnskapsgrunnlaget til profesjonane vert ofte diskutert i dikotome termar, som t.d. "situert-generelt", "praktisk-teoretisk", disiplinbasert-yrkesbasert", "erfaringsbasert-forskingsbasert". Mangfaldet i måtar å sjå på kunnskap har vitalisert forskinga og skjerpa debatten om korleis ein kunnskapstype kan føresetje eller støtte ein annan, og kva for konsekvensar ulike perspektiv på kunnskap bør få for forsking og utdanning.

SPS vil difor stimulere til studiar av:

  • mellom ulike kunnskapsformer i profesjonsutdanning og -forsking.
  • korleis utdanningane kan ivareta mangfaldet av kunnskapsformer.
  • korleis høgskole og yrkesfelt kan komplettere kvarandre i profesjonskvalifiseringa.
  • korleis kjønnssamansetting påverkar kunnskapsproduksjon og fagforståing.
  • korleis utdanningane kan stimulere til livslang læring.

(c) Utdanningshistorie- og utdanningskultur

Profesjonsutdanningane har kvar si historie. Nokre vart etablert på 1800-talet, medan andre har ei kortare historie. Felles for mange av dei er at profesjonskvalifiseringa over tid har vorte flytt frå yrkesfeltet til spesifikke utdanningsinstitusjonar. Mange av utdanningane har tidlegare eksistert som eigne institusjonar med særeigne utdanningskulturar. Vidare har profesjonsutdanningane tradisjonelt vore sterkt styrt med obligatorisk undervisning og faste kurs. Studentane har i stor grad vorte presentert for klart definerte studieopplegg.

I dag er utdanningane ein integrert del av høgskolar- og universitet. Studieopplegga er friare. Innslaget med obligatorisk undervisning er sterkt redusert og studentane har større fridom i val av undervisningstilbod. I tid har dette falle saman med ei akademisering av profesjonsutdanningane, der krava til teoretisk refleksjon og forsking blant dei tilsette har auka. Dette skaper spenningar og ambivalens i utdanningane. Det skaper debatt om innhald og organisering - om kva plass ulike fag bør ha i utdanningane og spenningar mellom ulike utdanningskulturar. I fleire av profesjonsutdanningane er fleirtalet av studentane kvinner. Historisk sett har ein hatt klare førestellingar om kva kvinner og menn "passa til" å gjere. I dag er synet at kvinner og menn stort sett kan gjere det same. Trass i dette har rekrutteringsmønstra til profesjonsutdanningane vorte lite endra.

SPS vil difor stimulere til studiar av:

  • historia til profesjonsutdanningene.
  • spenningar og brytingar mellom ulike kulturar i profesjonsutdanningane, og mellom utdanning og profesjonsfelt.
  • korleis utdanningskulturar set grenser og rammer for forståinga av profesjonskvalifiseringa
  • kjønnskodar og kjønnskulturar i utdanningane.
  • korleis implisitte førestellingar om kjønn er med å pregar utdanningane

 

Strategiplan

Forsking

Bakgrunn

Mål

Profesjonsstudier

Aktivitetar og tiltak

Forholdet til andre senter ved HiO