|
Tema på tvers: Profesjonsetikk
Profesjonsetikk er eit tema som bør knytast til studiar av profesjonskvalifisering og yrkesutøving. Difor er profesjonsetikk ved SPS eit tema som skal utviklast på tvers av dei to prioriterte områda. Profesjonsetikk handlar om verdival i yrkesutøving på områder der fagleg og juridisk kunnskap ikkje gjev tilstrekkeleg handlingsretteleiing, og der skjønn og dømmekraft blir viktig for å kunne gjøre adekvate val.
Profesjonsetikk handlar såleis om systematisk kunnskap om etiske kriterium og bruken av desse i konkrete avgjersler. Problemet er at kunnskap om moralske normer og etiske retningslinjer lett vert for abstrakt til at den gjev handlingsrettleiing i konkrete valsituasjonar. Utan at konteksten blir tydeleg, utan at dei krav som sjølve situasjonen reiser vert nærare spesifisert, vert etisk kunnskap ofte tom og utan implikasjonar. I praksis kjem etiske handlingsnormer ofte i konflikt, og ofte reiser innsikt i situasjonen sjølvstendige moralske dilemma og konflikter. Ofte veit ein ikkje kva som er riktig å gjere før situasjonen er spesifisert og før dei saka vedkjem har fått komme til orde.
SPS ser det som viktig at forskinga på profesjonsetiske problemstillingar i størst mogleg grad vert knytt til studiar av profesjonell yrkesutøving. Den etiske refleksjon må knytast til dei dilemma som yrkesutøvarane står i når konkrete problem og konfliktar skal handterast. Samstundes definerer mange profesjonar seg som verdibaserte yrke. Det er difor viktig å halde vedlike refleksjon over det normative grunnlaget til profesjonane og studere korleis verdifundamentet legg føringar på både profesjonskvalifisering og yrkesutøving.
Det er viktig å studere yrkesutøving og skjønnsvurderingar empirisk; studere handlingar, prioriteringar og avgjersler for å klargjere kva prinsipp, normer, verdiar og saksforhold som vert lagt til grunn. Samstundes er det òg viktig med studiar som drøftar kva som er rasjonelle eller konsistente avgjersler. Kva er kriteriet på riktige avgjersler når profesjonsutøvarane står overfor konkrete tilhøve som må regulerast, og der dei må gjere bruk av ulike typar kunnskap. Spørsmålet om riktige avgjersler er viktig fordi det står om fordeling av offentlege ressursar og om tiltak som har konsekvensar for den enkelte, deira rettar og autonomi.
SPS vil difor stimulere til studiar av:
- etiske dilemma og konfliktar i yrkesutøvinga
- det normative fundamentet til profesjonsutdanningane.
- kriterium for riktige handlingar og avgjersler i profesjonell yrkesutøving
|