|
StudData - ein database
Prosjektet "StudData - database for studiar i rekruttering og kvalifisering til profesjonell yrkesutøving" er eit av fundamenta for forskingsaktiviteten ved SPS. Formålet med databasen er dels å frambringe ny kunnskap og dels å skape eit materielt grunnlag for forsking på tvers ulike profesjonsutdanningar.
Sentrale spørsmål som databasen skal gje kunnskap om er m.a.:
- kvifor unge menneske søkjer seg til profesjonsutdanningane
- korleis utdanning er viktig for framtidig yrkesutøving
- korleis yrkeskarrierar varierer mellom ulike profesjonar
- korleis institusjonelle trekk påverkar profesjonell identitet og kjenslemessig utmatting
- kvifor nokon sluttar i yrket, medan andre held fram
Kunnskapen om spørsmål som dette er mangelfull. Ein viktig grunn til det er mangel på gode data. Når ein skal vurdere den relative plass som dei holdningar og preferansar studentane kjem til utdanninga med, det dei erfarer i studiesituasjonen og seinare i yrkeslivet, er gode longitudinelle data ein nødvendig føresetnad.
SPS er i gang med å byggje opp ein database basert på to panel; eit startkull og eit avslutningskull, som skal delta på fleire datainnsamlingar i ein periode på seks til ni år. Med grunnlag i StudData vil SPS medverke til å utvikle prosjekt som tematiserer problemstillingar som er reist over.
Kostnaden med å byggje opp sjølve databasen er finansiert fram til og med 2004. Det vert viktig å sikre finansieringa av dette arbeidet utover dette tidspunktet, samstundes som det er viktig å etablere eit økonomisk fundament til å utvikle prosjekt som skal gjere bruka av databasen.
Dei som ønskjer å utvikle prosjekt basert på StudData vil bli tilbode kurs metode- og analysekurs. SPS vil legge vinn på å tilby ulike typar kurs og kurs på ulike nivå. Felles for kursa er at øvingar og eksempel vil verte baserte på StudData.
Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005:
- administrere, vidareutvikle og sikre vidare finansiering av databasen.
- medverke til å utvikle nettverk mellom brukarar av databasen.
- utvikle eit økonomisk fundament for prosjekt som gjer bruk av databasen.
- arrangere metode- og analysekurs knytt til bruken av StudData.
|