|
Kva er Orakeltenesta?
Orakeltenesta er ei brukarstøtteteneste innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda. Du kan kontakte oss med alle slags problem i samband med Høgskulen i Volda sitt studentnettverk, same kva avdeling eller studium du høyrer inn under. Dersom vi ikkje er i stand til å gje deg eit fullgodt svar på dine problem, kan vi vise deg vegen til ein som kan løyse problema.
Studentar som bur på SfS sine studenthyblar har høve til å koble seg opp til høgskulen sitt nettverk frå hybelen. Dersom studentar som bur på SfS sine hyblar treng hjelp til installasjon og/eller konfigurasjon av nødvendig maskinvare, kan dei kontakte Orakeltenesta eller Samskipnaden for nærare opplysningar.
Dersom du av ulike grunnar skulle ha behov for hjelp utanom desse kontortidene kan du sende ein epost til orakel@hivolda.no
Kontoret ligg i Berte Kanutte (BK) første etasje. Telefonnummeret i kontortida er: 70 07 50 22. Kontortider:
-
Måndag: 14.00 - 17.00
-
Tysdag: 14.00 - 17.00
-
Onsdag: 14.00 - 17.00
-
Fredag: 14.00 - 16.00
|