|
 |
Kontakt KEV |
 |
|
 |
KEV
Høgskulen i Volda
Joplassvegen,
Postboks 500,
6101 Volda
Telefon: 70 05 48 10
Mobil: 41 44 10 62
Telefaks: 70 07 50 51
kev@hivolda.no
Meir info >>
|
 |
|
|
|
|

|
|
Kulturverkstader To periodar: 20. - 22. juni (3 dg.) og 22. - 24. juni (3 dg.) |
| 20. - 22. juni (3 dagar) |
Stønnt
Rytme, puls, komposisjon, dans, stemme og litt teater.
Høgt tempo og groove-rytme med utgangspunkt i utradisjonelle instrument; bøtter, spann, glas, papir, fyrstikkeske, kasser, tønner…
Verkstaden blir tilpassa deltakarane sine ønskje etter behov, dvs at den kan koplast til lokale prosjekt.
Ansvarlege: Gry Lillehomb (musikk, teater og dans-lærar frå Bergen) og Meld deg på |
|
22. - 24. juni (3 dagar) |
Tekstil som skulpturelt materiale
Kurset vil innehalde innføring i ulike teknikkar for å stive opp tekstilar til skulpturelt bruk.
1. dag: Utprøving i materiale. 2. dag: Arbeid med skulptural form (geometrisk, non-figurativ…), skisser og utprøvingar 3. dag: Ferdigstilling av skulpturen. Utstilling og presentasjon.
Ansvarleg: Katharina Teige Førde (Høgskulen i Volda)
Meld deg på |
Å sette i scene
Korleis få dei unge håpefulle til å opptre og trivast på ei scene? Korleis unngå kaos og trøtte ungar? Vi arbeider praktisk med alle stadium frå ein ide/tekst til ferdig framføring.
Kva passer for småskulen og korleis legge til rette teaterarbeid for ungdom? Regi, arrangement, lys, lyd og scenografi er stikkord for arbeidet. Vi prøver ut ulike løysingar og idear som kan gjere det meir morosamt å arbeide med teater. Produktet blir betre, og dei unge skodespelarane blir meir fornøgde.
Dette kurset egnar seg for vaksne som vil lære meir om å iscenesette små og store framføringar med barn og ungdom. Målet er at instruktøren skal bli ein stolt og glad instruktør og ikkje berre sliten og halvfornøgd ... Deltakarane vert oppfordra til å ta med tekster, eigne idear og erfaringar.
Ansvarleg: Prikken Vinding (Høgskulen i Volda)
Meld deg på |
|
 |
Kev-tavla |
 |
|
|
|
|