Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Karriere og utdanning / Intervju / - Stille før sending! /

- Stille før sending!

Gaute Myhren KornbergGaute Myhren Kornberg (15) tek regi ved miksepulten. Ingen tvil om at skoleeleven trives i eit fjernsynsstudio. Han og andre i klassa ser gjerne for seg eit yrke innan media.

 

 

Tysdag vart nok ein vellykka dag avvikla på Karrieremessa ved Høgskulen i Ålesund. Det vrimla av skodelystne tiandeklassingar på standen til Høgskulen i Volda. Ei av dei aller mest ivrige klassane kom frå Folkestad. Fleire melde seg kjapt da førstelektor ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, Pål Aam, ba om friviljuge til å lage ei fjernsynssending. Nokre fant seg til rette bak kamera, medan andre ville prøve seg som programleiar.

 

Ida Marie Bjørkedal og Jarnfrid Folkestad

 Ida Marie Bjørkedal (15) og Jarnfrid Folkestad (15) gjorde ein god figur foran kamera. På spørsmål om dei kunne tenke seg å jobbe med fjernsynsproduksjon svarar dei ja, men er litt skeptiske til den tekniske delen.

 

- Det der virka litt avansert, seier dei to jentene.

 

Dei peikar mot miksepulten. Det sit Gaute Myhren Kornberg. Han er heilt oppslukt av alle knappane.

 

- Dette virka veldig spanande. Eg kunne kunne godt tenkje meg eit yrke innan media. Men eg har sett så mykje interessant her i dag at eg har vanskelig for å velje kva eg skal satse på. Det vekslar mellom alt frå pilot, sjøfart og tv-bransjen. Kanskje eg blir naud å trekkje lodd, ler den kvikke eleven.

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Annette Fretheim Karlsen 17.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning