Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


For søkjarar / Karriere og utdanning / Intervju / Drøymer om å lage tv for dei yngste /

Drøymer om å lage tv for dei yngste

Under Karrieredagane i Kristiansund viste Mathias Moene Rød (15) at han er eit naturtalent foran kamera. Den ivrige tiandeklassingen har mellom anna spelt piano for Kongen. Utfordringar tek han på strak arm.

Mathias er tross sin unge alder ein gut med ambisjonar. Då Høgskulen i Volda inviterte han med på å lage ei lita tv-sending var ikkje guten vond å be.

- Eg vil vare i studio!

 Og intervjuobjektet tok dei mange tilskodaren med storm. Han laga liv i studio og imponerte stort med sine kjappe replikkar. På spørsmål om han ynskjer å gjer ei karriere av talentet sitt, svarar han like rask som i studio.

- Eg håpar eg kan jobbe med barne-tv. Eg syns det er kjekt med born og huskar sjølv kor fascinert eg var av barne-tv.

 Det kunne virke som om Mathias hadde erfaring foran kamera før. Han fortell at han spell piano og syng. Etter ei opptreden for selveste Kongen blei han naturligvis intervjua på lokal-tv.

- Det var moro, seier femteåringen sjølsikkert.

 Ein ska ikkje sjå vekk i frå at Eli Rygg og Portveien 2 bleiknar viss denne karen får sjansen til å underhalde dei minste.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Linda Merete Lie 22.10.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning