|
Helge Kvalvaag i NAV Kristiansund Arbeid oppfordrar ungdom til å fullføre utdanninga si. Han meiner det er viktig å ta val på bakgrunn av eigne ynskjer og ikkje alltid velje det same som bestekompisen sin.

Det kan være vanskeleg å velje yrkesretning når vala er mange. NAV gav alle deltakarane på Karrieredagane moglegheit til å ta ein test for å finne ut kva yrke dei passar til. Kvalvaag introduserte tiandeklassingane for ein interessetest som kunne gi dei ein indikasjon på kva retning dei burde utdanne seg i. Han peika på at ein slik individuell test ofte gir ærligare svar.
- Dersom ein spør kva utdanning ungdom ynskjer er svara ofte farga av venenes val. Ein slik test kan ein gjer i ro og mak og slepp å tenkje på kva andre meinar er best for ein.
Oda Synnøve Sande (15) var ein av dei mange som nytta seg av tilbodet. Ho har lenge visst kva ho vil bli, men ville likevel ta interessetesten.
- Det blei som eg trudde. Eg vil bli skodespelar og testen gjenspeila det, fortalte ho nøgd.
Kvalvaag kom også med ei oppmodning til tiandeklassingane.
- Det er viktig å ta utdanning. I dag er det gode utsikter i arbeidsmarkedet, men det er lurt å ha papir på at ein er kvalifisert. Derfor er det viktig å fullføre skulegangen.
Interessetesten består av 120 spørsmål og er tilgjengelig på NAV sine heimesider.
|