|
For å styrke, tydelegjere og synleggjere dei ulike yrker som finst Møre og Romsdal blei alle tiandeklassingane i området invitert til karrieredagar på Vestbase i Kristiansund onsdag 17 oktober. - Målet er å bevisstgjere ulike moglegheiter ungdommen har i sitt eige fylke. Det er ein dag kor elevane skal få ei aha-oppleving, seiar prosjektleiar Anna Tokle Amundsen.
På tre dagar skal om lag 800 tiandeklassingar i distriktet få innblikk i ulike yrker som finst i Møre og Romsdal. Karriereprosjektet blei starta som eit forsøk på å motverke at så mange ungdommar sluttar på VGS og flyttar frå fylket. - Møre og Romsdal har omtrent det meste ein kan tenkje seg – frå hav til fjell innom storby. Derfor er det viktig å vise målgruppa, ungdom mellom 15 – 25 år, at det finst yrker og framtidsmoglegheiter i eige fylke framfor å flytte til andre stader, fastslår Amundsen.
Samarbeid
Dette er eit gedigent samarbeidsprosjekt med mellom anna Ung i Møre, Møre og Romsdal fylke, Ungt Entreprenørskap, ungdomsskolar, VGS, fagskulen, privat og offentleg næringsliv. Desse skal fremje dei ulike yrkesmoglegheitene som finst i Møre og Romsdal. Utfordringane i eit program som dette skal mellom anna betre livkvaliteten for ungdom i fylket og det skal gjere fylket meir attraktivt å etablere seg i. Prosjektleiar i Ung i Møre Anna Tokle Amundsen er strålande nøgd med oppslutninga så langt. – Målet er at elevane skal få ei aha-oppleving på dei moglegheitene som faktisk finst på ”heimstaden” sin, forteljar Amundsen.
Programfag til val
Det er ikkje berre ulike yrker som ligg til grunn i karrieredaga. Eit nytt fag som skal inn i grunnskulen "Programfag til val" er også knytt opp til desse dagane. Utgangspunktet for det er læreplanane for faga innanfor det enkelte utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Faget skal mellom anna gjere det mogleg for elevane å gjere val som skal medvirke til auka engasjement og betre føresetningar til seinare val. – Under dagane her på Vestbase vil ein finne elevar frå musikklinja og kokkelinja. Desse vil være tilgjengeleg for spørsmål frå tiandeklassingane om dei lurar på korleis det er å vere elev på ei slik linje. Informasjon dei får her kan vere med på å hindre at dei gjer feil skuleval og hoppar av studiet før dei er ferdige, seiar Amundsen.
Stor interesse
For Amundsen er det viktig å påpeke at dette ikkje er ei vanleg utdanningsmesse. – Det er ikkje meint å reklamere for sjølve skulen, men skal aktivt vise korleis yrker enn kan få i sitt eige fylke. Interessa for eit tiltak som dette har vært meir enn positivt. Det er allereie meldt seg interesse til neste års gjennomføring av karrieredaga. – Dei aktørane som ikkje fikk tilbod om å deltaking i år har allereie meldt seg på til neste år. Dei blei nærast sur for at dei ikkje vart tilbudd sin sjanse i år, ler Amundsen.
|