|
Torsdag haldt Karrieredagane fram i Kristiansund. Mange elevar strømma til for å sjå dei ulike yrkestilboda. For Lasse Thun (15) står valet mellom pilot og kameramann.

I vaskehallen på Vestbase krydde det av tiandeklassingar som ville vete meir om kva moglegheiter dei har i framtida. Lasse Thun var ein av desse.
- Eg elskar kamera! Eg veit ikkje kvifor, men det e bare veldig, veldig kjekt, utbraut den entusiastiske eleven frå Strømsnes skole i Kristiansund.
Han kunne fortelja at han sikta seg inn på Media og Kommunikasjon på vidaregåande. På spørsmål om han ynskjer å studera vidare for å verte fotograf svara han meir usikkert.
- Eg ser for meg at eg vil starte mi eiga bedrift, der eg driv med kamera, i ei eller anna form. Det er eigentlig pilot eg vil bli.
Pilot eller ikkje, Lasse har ingen planar om å legge kamera på hylla.
|